Folkemøte

Folkemøte

Ålesund kommune arrangerte eit digitale folkemøtet fredag 18. februar. Sjå opptak frå møtet, og svar som ikkje blei tid til på møtet.

Konsulentselskapet BDO har laga ei utgreiing om korleis det vil påverke begge dei nye kommunane dersom Haram går ut av Ålesund. BDO presenterte rapporten sin i det kommunale folkemøtet fredag 18. februar.

På dette møtet deltok også ordførar, varaordførar og gruppeleiarane til alle dei politiske partia, som skal ta avgjerda i kommunestyret. Om lag 300 følgde møtet direkte.

BDO presenterte rapporten i kommunestyremøtet 17. februar og i folkemøtet 18. februar. I kommunestyret svarte BDO politikarane. Sjå opptak frå møtet her: Arkiv | Ålesund KommuneTV 

I folkemøtet blei det stilt spørsmål som ein ikkje rakk å svare ut i møtet. Sjå opptaket frå møtet her. Kommunedirektøren har bedt BDO om å oppklare spørsmål frå kommunestyret og folkemøtet. 

Spørsmål: Frå Vebjørn Krogsæter i kommunestyremøtet 17. februar om feil i tabell om økonomisk oversikt Haram.    

I rapporten står at rekneskap 2019 viste mindreforbruk 16 mill, justert til 2021 tal, medan det i godkjent årsrekneskap for Haram var mindreforbuk 30 mill-  og justert til 2021 kroner skulle dette bli over 30 mill. Slik BDO forstår spørsmålet: Hvorvidt rapportens tabell 5 må endrast til å vise et mindreforbruk på om lag 30 millioner kroner (ikke deflatorjustert 

Svar frå BDO: Hensikta med å vise deflatorjusterte regnskapstall for 2019 er å illustrere forskjellar mellom tidlegare driftsnivå og det som er vedtatt i budsjett- og økonomiplan 2022-2025. Som vi har redegjort for i rapporten og i presentasjonene er ikke våre tabeller budsjett- eller regnskapsoppsett i tråd med kommunelova si føresegn og skal heller ikke være det.  

Det regnskapsmessige mindreforbruket på om lag 30 millioner kroner i 2019 som det vises til i spørsmålet er et resultat av et mindreforbruk på drift, samt justeringer mot hovedansvar 90. Haram kommunes regnskap for 2019 redegjør ikke for fordelingen av disse justeringene, og BDO har derfor ikke hatt grunnlag for å inkludere denne delen av det regnskapsmessige mindreforbruket i våre tabeller.  

Det er viktig å presisere at justeringer mot hovedansvar 90 ikke påverker fordelingen av driftsrammer for perioden 2022-2025. 

Spørsmål: Det utsendte kunnskapsgrunnlaget til befolkninga konkluderer feilaktig på basis av denne metodikken at Haram vil gå med meirforbruk. Kva er grunnlaget for at de valde ein metodikk som blandar meir/mindreforbruk og avsetninger når det blir så uklart for dei fleste?  

Svar frå BDO: BDOs rapport bygger på vedtatt budsjett og økonomiplan. Vi skriver ikke at en ny Haram kommune vil gå med et regnskapsmessig merforbruk, men at forutsetningene om oppbygging av disposisjonsfond fra og med 2023 ikke kan kombineres med et opprettholdt driftsnivå.  

Det er viktig å presisere at tabellene i rapporten ikke er en budsjett- eller regnskapsoppstilling etter kommunelova si budsjett- og regnskapsforskrifter, men en endring i forhold til forutsetningene i vedtatt økonomiplan. 

Spørsmål: Det blir skrive i kunnskapsgrunnlaget at Haram sin del av gjelda var 25,54% ved inngangen til 2020. Er det riktig at mykje av gjelda til Ålesund låg i det kommunale føretaket ved inngangen av 2020, og har såleis i rapporten vorte utelaten frå Ålesund sin del? Inngåande balanse 1.1.2020 blei gjelda frå alle kommunane og selskapa samla i nye Ålesund og dannar grunnlag for finanskostnadene. Haram kommune sin del av gjelda var her 16,24% ikkje fråtrekt ubrukte lånemidlar (14,32% fråtrekt). Vil det då framleis vere riktig å bruke 25,54% som del i metodikken til kunnskapsgrunnlaget?  

Svar frå BDO: Rapporten bygger på regnskapstall vi har mottatt fra Ålesund kommune, for de tidlegare kommunane for 2019. På bakgrunn av disse tallene er andel gjeld ved en utskillelse beregnet, for Harams vedkommande 25,54 prosent. 

Spørsmål: Når de først vel å ta med avsetningar. Haram kommune har ifølgje rapporten eit forholdstal på rundt 14% av dei frie inntektene i nye Ålesund. Er det då riktig å bruke over 33% som forholdstal når de bereknar avsetningar? Vil ikkje det bety at Haram kommune ifølgje metodikken dykkar blir å betale ned eller avsette til disposisjonsfond forholdsmessig (i forhold til inntekter og folketal) over 3 gangar så mykje som Ålesund utan Haram (eks. 2025 høvesvis Haram avsetning 12,3% av frie inntekter, Ålesund avsetning 3,95% av frie inntekter)?   

Svar frå BDO: Avsetninger er en del av vedtatt budsjett og økonomiplan, og således må også disse inkluderes i våre beregninger. I våre beregninger legger vi inngangsverdiene per 31.12.2019 til grunn for fordeling av inntekter, driftsnivå, kapitalutgifter og avsetninger. Det blir ikke riktig å benytte andelen frie inntekter til å fordele driftsnivå, kapitalutgifter og avsetninger, fordi prosentandelene ikke er sammenlignbare. 

Andre spørsmål frå folkemøtet:

  • Vi jobbar på Haram omsorgssenter og lurer på kva konsekvensar det vil bli for drift, ansettelser, føringer om vi skal tilbake til "gamle Haram kommune"? ​ Vi lurer også på korleis framtida for omsorgssenteret blir i ei evt. vidareføring av den nye storkommuna?​
  • Korleis vil fysio / ergo tenesten bli om vi går tilbake til Haram kommune? ​
  • Vi har også opplevd at det har blitt stor nedbemanning i skulen etter at vi kom inn i stor kommunen. ​Vil desse stillingene bli gjenopprettet om vi blir Haram kommune igjen eller vil det videreføres som no? ​

Svar på spørsmål som gjeld tenester:

BDO konkluderer i sin rapport i at stedlige tenester i liten grad vil påverkast av ei kommundeling. Tenestenivået i ei eventuell ny Haram kommune vil avhenge av korleis den nye kommunen prioriterer sine ressursar.

Ordførar Eva Vinje Aurdal påpeikar at innanfor helse- og omsorgsområdet så har omstillingane som har skjedd, i stor grad ramma einingar i tidlegare Ålesund kommune. Omstilling til ei berekraftig drift må til, om ein er i ei framtidig Ålesund kommune eller i ei framtidig Haram kommune grunna. BDO understrekar vidare at det til sjuande og sist vil vere politiske val å prioritere ned enkelttenester til fordel for andre.

Meir om kommunedeling.

Sjå opptak av møtet her:

Til toppen