Ungdomsråd

Ungdomsrådet er eit rådgivande organ for kommunen. Det skal få alle saker som gjeld levekår for ungdom, til behandling. 

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for rådet.

Innbyggarane sin medverknad i kommunale prosessar der ein skal ta ei avgjerd, er ein viktig del av eit levande lokaldemokrati. Ungdom er ofte underrepresentert i folkevalde organ. Det er nødvendig at ungdom får uttale seg for å  sikre at eim er klar over dei konsekvensane vedtaket får for dei gruppene som det gjeld.

Lovfesta ordningar for medverknad skal sikre ei brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom og bidreg til at sakene vert betre opplyste.

Ungdomsrådet har 11 medlemar. Ungdomsrådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem dei unge. Dei 11 medlemmane og 13 varamedlemmane kjem frå alle kommunedelane. Valperioden for ungdomsrådet er to år.

Rettleiar for ungdomsråd