Planutval

Planutval

Fast utval for plansaker; planutvalet har 13 faste medlemmar. Planutvalet behandlar og innstiller til kommunestyret i saker knytt til gjennomføring av den kommunale planlegginga i medhald av pbl. § 3-3, kap 10, 11 og 12.

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for utvalet.

Tore Johan Øvstebø (KrF) er leiar og Hans Endre Sæterøy (V) er nestleiar.

Delegeringsreglementet for Ålesund kommune seier at planutvalet har : 
§ 1-9 Mynde til å klage einskildvedtak etter lova i dei tilfelle vedtaket direkte vedkjem kommunens saksområde.

§ 5-3 Mynde til å initiere etablering av regionalt planforum og peike ut kommunen sine representantar i fall slikt forum vert etablert. 

§ 11-13, jf. 4-1 Mynde til å utarbeide planprogram for kommuneplanen. Mynde vert avgrensa til å gjelde mindre omfattande revisjonar av planprogrammet for kommuneplanen.

§ 11-14 Vedta høyring  og offentleg ettersyn av forslag til kommuneplan .

§ 12 – 8 Avgjere om kommunedirektøren si beslutning om at privat planinitiativ ikkje skal fremmast, skal oppretthaldast. 

§ 12 - 8 Avgjere usemje på vesentlige punkt i oppstartsmøtet som forslagsstiller etter

§ 12 - 8 Kan kreve lagt fram for kommunestyret til vurdering  

§ 12 - 9 Utarbeide planprogram for planar med vesentleg verknad   

§ 12 - 10 Behandle reguleringsplanforslag 

§ 12 - 11 Behandle private reguleringsplanforslag 

§ 12 - 12 Vedta mindre reguleringsplaner når planen er i samsvar med rammer i kommuneplanens arealdel, og det er mindre enn fire år sidan den blei vedteke av kommunestyret 

§ 12 - 14 Treffe vedtak om å oppheve reguleringsplan som i det vesentlege er i strid med overordna plan 

§ 13 - 1 Vedta midlertidig forbod mot tiltak 

§ 13 - 3 Vedta forlenging av frist for førebels forbod mot tiltak  

§ 20-1 - i følgande type saker: a) oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging eller plassering av blokkbygg, bygg til offentlege og allmennyttige føremål og større industri- og næringsbygg b) vesentleg endring eller vesentleg reparasjon av tiltak nemnt i plan- og bygningslova.

§ 20-1 første ledd a) og som er lokalisert i bevaringsområde c) fasadeendring i bevaringsområde d) bruksendring eller vesentleg utviding eller vesentleg endring av tidlegare drift av tiltak nemnt i plan- og bygningslova § 20-1 første ledd a) og som er lokalisert i bevaringsområde e) plassering av skilt og reklameinnretningar og liknande på bevaringsbygg, jf. også plan- og bygningslova § 30- 3.

Planutvalet vert gitt mynde til å dele ut byggeskikksprisar. 

Planutvalet skal ha førebuande klagehandsaming jf. forvaltningslova (fvl) §33 i saker etter plan- og bygningslova sin § 12- 12. (Det vil seie at planutvalet behandlar klage på vedtak etter plan- og bygningslova sin § 12- 12 (reguleringsplanar) før dei går til endeleg klagebehandling hos Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen).
I tilfelle der planutvalet etter klagebehandling gjer eit nytt vedtak, skal vedtaket grunngjevast jf. fvl § 24.

I tillegg er planutvalet underinstans etter forvaltningsloven § 33 ved saksførebuing av klagesak som gjeld enkeltvedtak etter plan - og bygningsloven treft av rådmannen eller nokon han har vidaredelegert sine fullmakter til. Planutvalet tek stilling til alle klager før klagen eventuelt blir sendt til klageorganet for endeleg klagebehandling.

Til kvart møte i planutvalet skal det leggast fram ei liste med oversikt over vedtak i saker gjort av administrajonen etter delegert fullmakt.

Til toppen