Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Partssamansett utval (administrasjonsutvalet)

Partssamansett utval (administrasjonsutval)

Saker som gjeld forholdet mellom kommunen som arbeidsgivar og dei tilsette blir behandla i eit partssamansett administrasjonsutval.

Utvalet, som er heimla i kommunelova § 5-11, skal settast saman av fem representantar for arbeidsgivarsida (kommunen) og tre representantar for dei tilsette.

Val av representantar

Kommunen sine representantar skal veljast av kommunestyret blant dei som er medlemmar i formannskapet. Ordføraren skal vere medlem i administrasjonsutvalet. Representantane for dei tilsette skal ifølgje lova veljast av og blant dei tilsette for to år om gongen.

Forhandlingsutval

Administrasjonsutvalet skal ha eit underutval, kalla forhandlingsutval, som er samansett av dei folkevalde arbeidsgivarrepresentantane i det partssamansette utvalet (administrasjonsutvalet).

Forhandlingsutvalet skal ha ein strategifunksjon overfor kommunedirektøren i tariff- og arbeidsgivarsaker.

Kommunedirektøren

Ifølgje kommunelova § 13-1 har kommunedirektøren det løpande personalansvaret for den enkelte, inkludert tilsetting, oppseiing, suspensjon, avskjed og andre tenestlege reaksjonar.

Offentleg

Møta i administrasjonsutvalet skal etter kommunelova haldast for opne dører, så sant det ikkje det er saker med teieplikt av personvernomsyn, eller andre lovheimla unntak.

Medlemmar i partssamansett utval (administrasjonsutvalet)

Til toppen