Kontrollutval

Kontrollutvalet skal på vegne av kommunestyret føre løpande kontroll med kommunen si verksemd. Dette for at innbyggarar og andre skal ha tillit til at kommunen leverer effektive tenester i samsvar med lover, forskrifter, statlege føringar og kommunestyrevedtak.

Norges Kommunerevisorforbund og KS, kommunesektoren sin organisasjon, har laga ein brosjyre om kontrollutval. Der peikar dei på at kontrollutvalet spelar ei viktig rolle ved å vere kommunestyret si "vaktbikkje". "Men også gjennom å sørge for å sette etikk, samfunnsansvar og arbeid mot korrupsjon på dagsorden. dette verkar førebyggande og bidreg til å sikre gode, etiske holdningar og handlingar både blant kommunen sine folkevalde og dei tilsette.

Medlemmar i kontrollutvalet

Kontrollutvalet har fem medlemmar. Medlemmar og varamedlemmar av kontrollutvalet kan ikkje ha andre folkevalde verv enn det å vere kommunestyremedlem. Personar som har leiande stillingar i kommunale føretak og selskap kan heller ikkje veljast. Det same gjeld for tilsette i kommunen.

Leiar i kontrollutvalet er Bente Bruun.
Andre medlemmar: Terri-Ann Senior (nestleiar) Jannicke Strømmen, Kåre Alfred Hanken og Knut Helge Vestre.

Sekretariatet for kontrollutvalet

Sunnmøre kontrollutvalsekretariat er sekretariat. Det er dei som er ansvarleg for innkalling og utsending av saksdokument.

Dette gjer dei i samsvar med selskapsavtalen, og dei retningsliner som er pålagde. På nettsidene kontrollutval.no finn du meir informasjon om oppgåvene, og møteplan.