Komite for teknisk, miljø og samferdsel

Komite for teknisk, miljø og samferdsel

Det politiske arbeidet på nivået under kommunestyret skal vere organisert som kommunestyrekomitear.
Komiteane er saksførebuande organ for kommunestyret utan vedtaksmynde.

 

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for komiteen.

Komiteane skal halde seg best mogleg oppdatert om korleis kommunen løyser sine oppgåver innan komiteen sitt ansvarsområde og bidra til ein mest mogleg open, rasjonell og tidsmessig forvalting av desse oppgåvene. Komiteane har ansvar for å etterspørre og evaluere effekt av vedtak som er gjort innanfor sine saksområde.

 

Komite for teknisk, miljø og samferdsel har 17 medlemar. Dag Olav Tennfjord (H) er leiar og Randi Helga Walderhaug Frivoll (KrF) er nestleiar.

Komiteen sine oppgåver har fokus på vekst og berekraft, og omfattar infrastruktur (vatn, avløp, renovasjon (VAR), veg, anlegg, park (VAP),  landbruksforvaltning, eigedomsdrift, kart-geodata/oppmåling, natur og miljø.
 

Ansvarsområde:

Kommunalteknikk
Infrastruktur (vatn, avløp, renovasjon (VAR), veg, anlegg, park (VAP)
Landbruksforvaltning og viltforvalting
Eigedomsdrift
Kart- geodata/oppmåling
Natur og miljø
Brann og beredskap
Landskapsvern
Vegar
Hamner
Trafikktrygging

Til toppen