Komite for kultur og medborgarskapDet politiske arbeidet på nivået under kommunestyret skal vere organisert som kommunestyrekomitear. Komiteane er saksførebuande organ for kommunestyret utan vedtaksmynde. Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon. Sjå medlemmar, møteplan og dokument for komiteen. Komiteane skal halde seg best mogleg oppdatert om korleis kommunen løyser sine oppgåver innan komiteen sitt ansvarsområde og bidra til ei mest mogleg open, rasjonell og tidsmessig forvalting av desse oppgåvene. Komiteane har ansvar for å spørre etter, og evaluere effekt av vedtak som er gjort innanfor sine saksområde. Komite for kultur og medborgarskap har 17 medlemmar. Kari Grindvik (V) er leiar og Arnt-Ove Tenfjord (KrF) nestleiar for komiteen. Kjerneoppgåver er knytt til å bygge fellesskap, og komiteen sine oppgåver omfattar ulike tenester på kulturfeltet, idrett og friluftsliv, kulturbygg, nærmiljøutvikling, frivillig arbeid/frivilligsentralar, innbyggartorg, flyktning og integrering. Ansvarsområde: By- og stadutvikling Nærmiljø Folkehelse og førebyggande arbeid Frivillig arbeid Lag og foreiningar Kommunale parkar, friområde, idrettsanlegg og gravplassar Bibliotek Kino Kultur (kulturarrangement og anna kunst og kultur) og kulturbygg Kulturminne, som vern og omsynssoner Sist endra 05.02.2021 13.34