Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Vi anbefaler samtidig til bruk av munnbind klarer du ikkje halde meteren og maks 10 i eigen heim. Vi har samla alt du treng å vite om koronasituasjonen i kommunen vår. På samlesida finn du oppdaterte smittetal, korleis du bestiller koronatest og påmelding til vaksinering.

Alt om korona | Information about corona in other languages

Komite for helse og omsorg

Komite for helse og omsorg

Det politiske arbeidet på nivået under kommunestyret skal vere organisert som kommunestyrekomitear. Komiteane er saksførebuande organ for kommunestyret utan vedtaksmynde.

 

Sjå medlemmar, møteplan og dokument.

Komiteane skal halde seg best mogleg oppdatert om korleis kommunen løyser sine oppgåver innan komiteen sitt ansvarsområde og bidra til ei mest mogleg open, rasjonell og tidsmessig forvalting av desse oppgåvene. Komiteane har ansvar for å spørre etter, og evaluere effekt av vedtak som er gjort innanfor sine saksområde.

Komite for helse og omsorg har 19 medlemmar. Siv Katrin Ulla (Ap) er leiar og Eva-Brit Langva (MDG) nestleiar for komiteen.

Kjerneoppgåva er å hjelpe innbyggarane til å kunne leve eit så aktivt og sjølvstendig liv som råd. Komiteen sitt fagområde er pleie- og omsorgstenester, helsetenester, psykisk helse og rus, aktivitet og sysselsetting.

Til toppen