Eldreråd

Eldrerådet er eit rådgivande organ for kommunen. Rådet skal få alle saker som gjeld levekår for eldre, til behandling. 

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for rådet.

Alle saksdokument skal bli lagt fram for rådet i god tid før kommunestyret behandlar sakene.  
Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem dei eldre i kommunen. Saker som gjeld enkeltpersonar skal rådet derimot ikkje behandle. 

Rådet har mynde slik det går fram av vedteke reglement for rådsorgana.

Eldrerådet har 11 medlemmar og 13 varamedlemmar valde i rekkefølge. Leif Hovde er leiar for eldrerådet.

Regjeringa har laga ei omfattande rettleiing for eldreråd.