Postlistene inneheld inngåande og utgåande dokument og notat som er registrert i vårt sak-/arkivsystem, ett år tilbake i tid. Plansaker, byggesaker og saker til politisk behandling er publisert i fulltekst tilbake til 01.01.20.
Av kvalitetsomsyn vil det normalt gå to arbeidsdagar frå dokumenta er mottatt/ferdigstilt til dei blir publiserte på internett.
Innsyn
Offentlegprinsippet er grunnleggande for verksemda til kommunen og gir rett til innsyn i saksdokumenta våre. Ålesund kommune praktiserer openheit og publiserer offentleg postjournal og dokument på internett. Opplysningar om helsetilstand, og opplysningar om klientforhold er alltid underlagt teieplikt.
Vi gjer merksam på at arkivdelar med personleg innhald som til dømes elev og personal, som er ein del av sak-/arkiv systemet, ikkje er med på postlistene som er publisert på internett. Ønsker du innsyn i postlister som også inneheld dette, kontakt Ålesund kommune på postmottak@alesund.kommune.no.
Tidlegare postlister ligg under Innsyn frå dei gamle kommunane.
Dokument som ikkje ligg på postlistene
- Sakshandsaming som skjer i dei ulike fagsystema, kjem ikkje fram i denne postlista.
- Pasient- og klientsaker er saksområde som i sin heilskap ikkje blir publisert på internett. Partsinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18.
Eventuelt krav om innsyn skal rettast til Ålesund kommune på postmottak@alesund.kommune.no. Sensitive opplysningar skal ikkje sendast på e-post.
Klagerett
Om forvaltningsorganet avslår krav om innsyn, skal organet vise til den lovheimelen som avslaget er grunna i.
Den som har fått avslag på krav om innsyn, kan klage på avslaget til det forvaltningsorganet som er nærast overordna det forvaltningsorganet som har gjort vedtaket.
I samsvar med offentleglova § 32, kan avslaget klagast på innan 3 veker frå avslaget er mottatt.
Eventuell klage sendast til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund eller via postmottak@alesund.kommune.no. Vi minner om at sensitive opplysningar ikkje skal sendast på e-post. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er klageinstans.