Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Om postlistene

Om postlistene

Vi legg ut offentleg journal for kvar arbeidsdag. Postlistene viser alle inngåande og utgåande dokument og notat. Her kan du sjå kva dokument som ikkje ligg på postlistene og korleis du til dømes kan klage.

I Postliste, finn du dokument frå 01.01.2020.

Av kvalitetsomsyn vil det normalt gå to arbeidsdagar frå dokumenta er mottatt/ferdigstilt til dei blir publiserte på Internett.

Innsyn

Offentlegprinsippet er grunnleggande for verksemda til kommunen og gir rett til innsyn i saksdokumenta våre. Ålesund kommune praktiserer openheit og publiserer offentleg postjournal og dokument på internett. Opplysningar om helsetilstand, og opplysningar om klientforhold er alltid underlagt teieplikt.

Vi gjer merksam på at arkivdelar med personinnhald som til dømes elev og personal, som er ein del av sak/arkiv systemet, ikkje er med på journalen. Ønskjer du innsyn i desse journalane, kontakt Ålesund kommune – postmottak@alesund.kommune.no

Tidlegare postlister ligg under Innsyn frå dei gamle kommunene.

Dokument som ikkje ligg på postlistene

  • Sakshandsaming som skjer i dei ulike fagsystema, kjem ikkje fram i denne postlista.
  • Pasient- og klientsaker er saksområde som i sin heilskap blir haldne utanfor internett. Partsinnsyn er heimla i forvaltningslova § 18.

Eventuelt krav om innsyn skal rettast til Ålesund kommune - postmottak@alesund.kommune.no. Sensitive opplysningar skal ikkje sendast på e-post.

Klageadgang

Om forvaltningsorganet avslår krav om innsyn, skal organet vise til den lovheimelen som avslaget er grunna i.
Den som har fått avslag på krav om innsyn, kan klage på avslaget til det forvaltningsorganet som er nærast overordna det forvaltningsorganet som har gjort vedtaket.

I samsvar med offentleglova § 32, kan avslaget klagast på innan 3 veker frå avslaget er mottatt.

Eventuell klage sendast til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund eller via postmottak@alesund.kommune.no. Vi minner om at sensitive opplysningar ikkje skal sendast på e-post. Fylkesmannen i Møre og Romsdal er klageinstans

Til toppen