Sjå Kommune-TV med forslag og vedtakGjennom programmet frå Aventia kan ein både sjå sendingar direkte og finne opptak frå tidlegare møte i politiske organ. Les her om korleis du finn forslag, vedtak og kven som stemte kva. Kommune-TV - strøyming av møte Alle kan følgje direktesendingane våre og sjå opptak av tidlegare møte i folkevalde organ. På sendingane frå Bystyresalen kan du velje kameravinkel (Podiet/Talarstolen/Salen). Alternative kameravinklar i bystyresalen Votering Når ein brukar digital votering i eit møte, kan du sjå resultatet av avstemminga når denne er gjennomført. På høgresida av sjølve biletet ser du alle dei politiske sakene Eit oversyn over dei ulike voteringane på kvar sak kjem fram som i dømet under Oversikt vedtak Du kan vidare hente fram detaljane i kvar votering, for å sjå kva dei ulike medlemmane har stemt: Stemmetal fordelt på representant Forslag Sakene blir tilgjengelege når dei publiserast på heimesidene til kommunen. Det vil seie ei veke før møtet. Når ein medlem legg inn eit nytt forslag på ei sak, blir dette tilgjengeleg med det same. Du kan sjå om det har kome inn fleire forslag ved at det står eit anna tal enn "1" oppe til høgre som her: Til høgre for saksnummer viser tal forslag og dokument Kven sa kva? I etterkant av møtet, kan du sjå innlegga til dei enkelte medlemmane på kvar sak. Du går inn på saka, klikkar på innlegga og så vidare på den enkelte medlem. I dømet under ser du at det var 14 innlegg på ei sak. Trykk for å gå direkte til opptaket av enkeltinnlegg Politikarar kan sjå resultat direkte i voteringsprogrammet Det har vore ein programfeil, som gjer at berre administratorar kan finne igjen resultata, men politikarar skal kunne følgje denne oppskrifta for å sjå resultat i ettertid: Logg inn på alesund.kommunetv.no/admin Trykk på "møter du har vært med i" I neste bilde er ei listevising med møte. Trykk "se møtebehandling" på det bildet du vil sjå på Trykk deretter på "se behandling" på den saka du vil sjå på. På venstresida vel du kva forslag du vil sjekke ut, og på høgresida kan du sjå valt forslag. Scroll nedover på høgresida av vindauget som viser forslaget for å sjå fleire detaljar frå votering. Sist endra 04.01.2023 15.56