Viktig informasjon om korona

Habilitet

Habilitet

Kjernen i vurderinga om habilitet, er om den folkevalde har ei slik tilknyting til personar, sak eller selskap at det kan vere eigna til å svekke tilliten til at ho eller han er upartisk.

Etter forvaltingslova § 8, andre ledd, skal det politiske organet sjølv avgjere om den folkevalde er habil til å ta del i handsaminga av ei sak. Folkevalde må difor alltid av eige tiltak vurdere om ho eller han er inhabil. Det er eit mål at spørsmål om habilitet vert avklart i god tid før den aktuelle saka skal opp til handsaming. Sjekk difor sakslistene for møta god tid i forkant.

Reglane om habilitet står i kommunelova § 11-10 og forvaltingslova §§ 6-10. I rettleiaren Habilitet i kommunar og fylkeskommunar (PDF, 5 MB) vert det gjort nærare greie for habilitetsreglane i forvaltningslova og kommunelova. Ålesund kommune sitt reglement for folkevalde organ (PDF, 2 MB) finn du her, reglane om habilitet står i punkta 5-7.

Kjernen i vurderinga om den folkevalde har ei slik tilknyting til personar, sak eller selskap, er at det kan vere eigna til å svekke tilliten til at den folkevalde er upartisk. Vurderinga skal vere objektiv og inneber ikkje noko form for mistillit til vedkomande personleg. Reglane er til for å sikre tilliten til forvaltninga både utanfrå og innanfrå.

Det er ordførar (møteleiar) ved politisk sekretariat som førebur saker som gjeld habilitet. Spørsmål om habilitet rettast difor til politisk sekretariat direkte. Dei vurderer så om det er tenleg å drøfte spørsmålet med kommuneadvokaten.

Fyll ut skjema

For å sikre at saka er tilstrekkeleg opplyst til å gjere eit korrekt vedtak, er det nødvendig med nokre skriftlege opplysningar frå den folkevalde. Dei som vil ha vurdert habiliteten sin må difor fylle ut dette skjemaet. Dersom det er nødvendig med fleire opplysningar, vil den folkevalde bli kontakta av politisk sekretariat eller av kommuneadvokaten.

Opplysningane som blir gitt vil bli lesne opp/referert når saka skal leggjast fram for det folkevalde organet. Dersom utgreiinga er lang, vil det berre verte lese opp eit samandrag. Den folkevalde bør difor legge vinn på å vere konsis og relativt kort. Opplysningane som er gitt i skjemaet vil, saman med andre opplysningar som blir henta inn, ligge til grunn for ordførar sitt forslag til vedtak.

Sjå reglement for folkevalde organ (punkt 5-7) (PDF, 2 MB)

Til toppen