For deg som er folkevald

For deg som er folkevald

Her får du som folkevald i Ålesund kommune informasjon og verktøy du treng for å utføre vervet på ein god og effektiv måte.

Nødvendig registrering for folkevalde

Ålesund kommune treng nokre opplysningar frå deg blant anna for at du skal kunne logge inn på Møteportalen for politikarar, og for at du skal få honorar til rett bankkonto. Alle politikarar og folkevalde må fylle ut dette skjemaet dersom det ikkje er gjort tidlegare, eller om det er endringar i e-post og andre opplysningar.

Etikk

Ålesund kommune skal ha høg etisk standard. Openheit og refleksjon skal prege organisasjonen vår og danne grunnlaget for tillit mellom tilsette, politikarar og innbyggarar. Etisk standard skal bidra til etisk forsvarleg åtferd, og må sjåast i samanheng med kommunen sin visjon og verdiar.

Registrering av styreverv og økonomiske interesser

Ålesund kommune siktar mot høg etisk standard både hos folkevalde, tilsette og styremedlemmer. Kommunen er tilknytt Styrevervregisteret i KS for å oppnå stor tillit mellom allmenta, og ivareta innbyggarane sin rett til innsyn, i slike spørsmål. Dei folkevalde bør sørge for at opplysningane er oppdaterte og korrekte.

Registrering av gåver

Tilsette og politikar skal ikkje ta i mot gåver eller personlege fordelar med mindre dette er ei gåve eller fordel av symbolsk verdi (bøker, blomster etc). Årsaka er at gåver, uansett om ein tek mot med viten eller ikkje, kan skape ein form for lojalitet som kan påverke saksførebuinga, vedtak eller utøving av tenester, eller som kan føre til at nokon oppfattar det slik. Leiar skal bli orientert dersom gåver likevel vert forsøkt gitt eller teke i mot.

Arbeidsvilkåra for tilsette

Kommunestyret har vedteke Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår. Reglementet tar for seg rettar og plikter for folkevalde. Det gjeld mellom anna godtgjersle for arbeid, dekking av utgifter og økonomisk tap, arbeidsvilkår og organisatoriske reglar.  Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår - justert 23.09.21 (PDF, 3 MB)

Sjå meir informasjon om korleis legge inn i Visma rekning for reiser, utlegg og møtegodtgjering.

Folkevalde sin innsynsrett

Kommunestyret og andre folkevalde organ får i kommunelova § 11 - 13 ein utvida og lovfesta rett til innsyn i kommunale saksdokument. Eit folkevald organ kan berre få innsyn i saksdokument som gjev kunnskap om teiepliktige opplysningar når det er nødvendig for behandlinga av ei konkret sak, og det er heimel for unntak frå teieplikta i forvaltningslova § 13 b første ledd.

Viss eit folkevald organ ønskjer å krevje innsyn i saksdokument som ikkje er teiepliktige, må eit vedtak om å krevje innsyn gjerast med minst tre stemmer eller med fleirtalet av stemmene i organet. Viss eit folkevald organ ønskjer å krevje innsyn i teiepliktige opplysningar, må eit vedtak om å krevje innsyn treffast med fleirtalet av stemmene i organet.

Innsyn og Møteportalen

Heimesida til kommunen har ei teneste kalla Innsyn. Der kan innbyggarar og andre finne brev, saksdokument og møteinnkallingar. Dette blir oppdatert om lag ein gong i døgnet. Folkevalde har raskare tilgang til saksdokument og innkallingar for sine møte gjennom Møteportalen (også kalla Politikarportalen). Ved hjelp av bank-id kan folkevalde logge seg inn der og sjå innkallingar, saksdokument og forslag straks dei er ferdige og offentleggjort.

Reglement for folkevalde organ

Arbeidet i dei ulike folkevalde organa blir regulert av Reglement for folkevalde organ (PDF, 2 MB), som sist blei justert 23.09.21.

Til toppen