Ålesund skal no ruste seg for framtida. Bypakke Ålesund er eit av dei største samferdselsprosjekta i kommunen nokon gong. Fire milliardar kroner skal brukast på å betre vegane, bygge sykkelvegar, sikre dei mjuke trafikantane og legge til rette for auka bruk av kollektivtransport.