Innbyggarane sin medverknad i kommunale prosessar der ein skal ta ei avgjerd, er ein viktig del av eit levande lokaldemokrati. Ungdom er ofte underrepresentert i folkevalde organ. Det er nødvendig at ungdom får uttale seg for å sikre at ein er klar over dei konsekvensane vedtaket får for dei gruppene som det gjeld.
Lovfesta ordningar for medverknad skal sikre ei brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom og bidreg til at sakene vert betre opplyste.
Ungdomsrådet skal ha 9 medlemmar og 11 varamedlemmar. Ungdomsrådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem dei unge. Valperioden for ungdomsrådet er to år.
Rettleiar for ungdomsråd
Medlemmar og møte
- Leiar: Alfred Steinberg Ebbesvik
- Nestleiar: Tonje Halonen Giske
Sjå medlemmar, møteplan og dokument for ungdomsrådet