Hovudutval for teknisk, miljø og samferdselBy- og lokalsamfunnsutvikling er fokus for hovudutval for teknisk, miljø og samferdsel (HTMS).Det politiske arbeidet på nivået under kommunestyret skal vere organisert som utval, oppretta med heimel i § 5-7 i kommunelova. Hovudutvala er saksførebuande organ for kommunestyret, men har og vedtaksmynde i saker, slik det går fram av vedtatt delegeringsreglement. Kvart hovudutval har 11 medlemmar.OppgåverHovudutvalet for teknisk, miljø og samferdsel sine oppgåver har fokus på by- og lokalsamfunnsutvikling, vekst og berekraft, og omfattar infrastruktur (vatn, avløp, renovasjon (VAR), veg, grønt og anlegg (VGA), samferdsel, eigedomsdrift, kart-geodata/oppmåling, natur og miljø. Hovudutvalet er eit fast utval etter kommunelova § 5-7 og skal behandle og tildele Ålesund kommune sin miljøpris for særskild innsats for berekraftig miljø, under dette klima- og energitiltak.Medlemmar og møteLeiar: Jessica Gärtner (H) Nestleiar: Elin Anja Drønnen (Å) Sjå medlemmar, møteplan og dokument for Hovudutval for teknisk, miljø og samferdsel Sist endra 03.09.2024 14.32