Eldrerådet er eit rådgivande organ for kommunen. Rådet skal få alle saker som gjeld levekår for eldre, til behandling.
Alle saksdokument skal bli lagt fram for rådet i god tid før kommunestyret behandlar sakene.
Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem dei eldre i kommunen. Saker som gjeld enkeltpersonar skal rådet derimot ikkje behandle.
Rådet har mynde slik det går fram av vedteke reglement for rådsorgana.
Eldrerådet skal ha 9 medlemmar og 11 varamedlemmar valde i rekkefølge.
Regjeringa har laga ei omfattande rettleiing for eldreråd.
Medlemmar og møte
- Leiar: Kari Grindvik
- Nestleiar: Jarle Refsnes
Sjå medlemmar, møteplan og dokument for eldrerådet
Sist endra 03.09.2024 14.38