Slik brukar du kommune-TVPå kommune-TV kan du sjå direktesending og opptak av ulike politiske møte. Dette blir vist på KommuneTV Det er formannskap, kommunestyret og planutval som blir sendt over KommuneTV med video. Det er også råd å sjå forslag og votering for dei tre hovudutvala, men utan video. Dette er både fordi utvalsmøta ikkje alltid er i møtelokale med kamera, og av økonomiske omsyn.Etter at direktesendinga er over, vil opptaka frå dei politiske møta ligge tilgjengeleg i ein avgrensa periode. Teksting og universell utforming Historisk sett har det vore eit fåtal i samfunnet som har hatt innsyn i korleis dei politiske prosessane utspelar seg. I dag er det lettare enn nokon gong å følgje med.Dette er positivt for alle, men særleg for dei som har ulike funksjonsnedsettingar. Gjennom KommuneTV har innbyggarane lett tilgang til direktesendingar og opptak frå tidlegare møte. Når politiske møte vert sendt: Er alle saksdokument festa til bokmerke. Vert forslag festa til bokmerke, med forslagsstillar. Dette gjeld både forslaga som er innsendt før og undervegs i møtet. Vert alle vedtak festa til bokmerke fortløpande, med stemmetal og fullstendig liste over kven som har stemt kva. Ein kan sjå: Skriftleg oversikt over kven som hadde ordet i løpet av møtet Protokoll med vedtak og prosedyre- Dette vert lagt ut i etterkant For å gi betre tilgang til personar med nedsett høyrsel har kommunen frå 23. januar i 2024 tatt i bruk eit automatisk teksteprogram. Sjølv om nokre detaljar kan bli feil, er det eit stort steg i rett retning med å gjere dei politiske prosessane meir tilgjengelege.For å nytte den automatiske tekste-funksjonen må du trykke på CC-knappen i nedre høgre hjørne i videovindauget. Der må du velje “norsk bokmål” som tekstspråk. Vel kameravinkel I Bystyresalen er det fleire kamera. Du kan difor velje ulik kameravinkel på sendingane frå møta som er strøyma frå Bystyresalen. Knapp for desse finn du nede til venstre i strøymebiletet. Votering Når ein bruker digital votering i eit møte, kan du sjå resultatet av avstemminga når denne er gjennomført. På høgresida av sjølve strøymebiletet ser du alle dei politiske sakene. På kvar sak viser ei oversikt over dei ulike voteringane. Du kan hente fram detaljane i kvar votering, for å sjå kva dei ulike medlemmane har stemt. Det gjer du ved å klikke på linja med forslaget. Forslag Sakene blir tilgjengelege når dei publiserast på heimesidene til kommunen. Det vil seie ei veke før møtet. Når ein medlem legg inn eit nytt forslag på ei sak, blir dette tilgjengeleg med det same. Du kan sjå om det har kome inn fleire forslag ved at det står eit anna tal enn «1» oppe til høgre som her: Kven sa kva? I etterkant av møtet, kan du sjå innlegga til dei enkelte medlemmane på kvar sak. Du går inn på saka, så klikkar du på innlegga og så vidare på den enkelte medlem. I dømet under ser du at det var 14 innlegg på ei sak Sist endra 07.03.2024 12.55