Kriseteamet inngår som ein del av Ålesund kommune sin beredskap ved kriser og katastrofar. Teamet kan stillast til disposisjon for, og samarbeider ofte med politi, AMK, legevakta og kyrkja. I tenesta inngår fagpersonell frå helse, sosial, skule, politi og kyrkje.
Kriseteamet blir bemanna etter omfanget av hendinga eller ulykka. Teamet kan vere til hjelp i ein akuttfase, men er ikkje meint å erstatte det ordinære hjelpeapparatet.
Teamet er organisert for å trå til på kort varsel ved ulykker og kriser, der det eksisterande apparatet ikkje åleine er i stand til å handtere den oppståtte situasjonen. Dei vil då kunne vere med å møte pårørande, vitne, skadde og andre involverte i ein akuttfase for å yte omsorg, og for å formidle kontakt til eksisterande hjelpeapparat.
Andre aktuelle oppgåver kan vere: - debrifing på arbeidsplass etter alvorleg arbeidsulykke eller dødsfall på arbeidsstaden - akutt omsorg for involverte etter alvorlege valdsepisodar eller drap - omsorg i akuttfasen for overlevande, vitne og pårørande ved større ulykker.
Teieplikt/samtykke
Teieplikta inneber at personellet skal hindre at andre får tilgang eller kjennskap til opplysningar om personlege forhold som dei får vite om.
Pasient og medlem i kriseteamet kan på grunnlag av samtykke godkjenne at teiepliktige opplysningar blir gitt vidare. Opplysningar kan òg givast til samarbeidande personell når dette er nødvendig for å yte forsvarleg helsehjelp til pasienten, med mindre pasienten motset seg dette.
Målgruppe
Alle som bur og mellombels oppheld seg i Ålesund kommune kan nytte seg av denne tenesta knytt til ei hending eller krisesituasjon definert av politiet, AMK eller kommunen.
Vilkår
Det er kriseleiinga i kommunen, politiet, brannvesenet eller AMK som vurderer behov for - og som kallar ut/kontaktar kriseteamet ved ei hending.
Prisar
Kriseteamet er ei gratis teneste.
Lovtilvisingar
Kommunehelsetjenesteloven §1-5 og lov om helsemessig og sosial beredskap.
Sjå også: Statsforvalteren i Møre og Romsdal – Samfunnssikkerhet og beredskap
Kontaktpersonar