Søk ferdigattest når du er ferdig

Når du er ferdig å bygge noko er det ditt ansvar å gi kommunen beskjed om kva du har bygd. For søknadspliktige tiltak må du få ein godkjent ferdigattest eller mellombels bruksløyve før du kan ta det i bruk. Vi kan ikkje gi ferdigattest frå før 1. januar 1998. 

For å sikre godt grunnlag for fullstendige kart og framtidige situasjonsplanar treng kommunen oversikt over alle bygningar. 

Ferdigattest for tiltak med søknadsplikt

Tiltak som er søkt om skal avsluttast med ferdigattest. Ferdigattest markerer den formelle avslutninga av byggjesaka og skal vise at arbeidet er utført i tråd med løyvet og regelverket.

Slik sender du søknad om ferdigattest 

  1. Fagfolk kan søke ferdigattest som ein del av digital byggesøknad 
  2. Privatpersonar kan bruke skjema for søknad om ferdigattest frå Dibk. Du kan sende den på e-post til postmottak@alesund.kommune.no eller i posten til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund eller levere den hos eit av våre innbyggartorg.

Mellombels bruksløyve

Viss det står att mindre vesentleg arbeid kan du søkje om mellombels bruksløyve. Eit nytt bygg kan ikkje takast i bruk før det er gitt mellombels bruksløyve.

Skjema for søknad om mellombels bruksløyve

Ferdigattest for tiltak utan søknadsplikt 

Dersom du skal ferdigmelde eit tiltak som er unntatt søknadsplikt skal du melde dette sjølv ved innsending av “Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt” og situasjonsplan der tiltaket er innteikna til postmottak@alesund.kommune.no. 

Finn ferdigattesten 

Dersom byggverket har fått ferdigattest, kan du finne den i Saksinnsyn

Behandlingstid 

Saksbehandlingstida ved søknad om ferdigattest er 3 uker. 

Ansvarleg for tenesta