Slette hefte på eigedomen

Slette hefte på eigedommen

Eit tinglyst hefte er ein rett på ein eigedom som begrenser eigar sin bruk av eigedommen. Det er muleg å sende ein søknad til Kartverket om å få sletta tinglyste hefter. Nokon gongar må du få samtykke frå oss før du kontakter Kartverket.

Du trenger samtykke frå oss dersom: 

  • det tinglyste hefte inneheld eit punkt om at det ikkje kan slettast og/eller endrast utan vårt samtykke 

  • Plan- eller byggesaksavdelinga er rettigheitshaver

Sjekk om det er eit hefte på eigedommen.

Kva får du? 

Samtykke til å få sletta tinglyst hefte. 

Krav til søker 

For at vi skal samtykke til slettinga må grunnlaget for heftet vere vesentleg endra eller bortfalt i sin heilskap. Den som søker om samtykke frå plan- eller byggesaksavdelinga, må gjere grundig greie for kvifor erklæringa kan slettast. Søknaden vil bli behandla så raskt som muleg når vi har mottatt komplett dokumentasjon. 

Kva koster det? 

Det er per i dag ingen kostnader knyttet til saksbehandlinga. 

Slik søker du 

Du må samle følgande opplysingar:

  • adresse 
  • gardsnummer, bruksnummer og eventuelt seksjonsnummer 
  • kopi av sjølve den tinglyste erklæringa, påført dagboknummer og tinglysingsdato
  • skriftleg og grundig utgreiing om kvifor den tinglyste erklæringa blir vurdert som grunnlaus, og dermed kvifor den kan slettast 
  • dokumentasjon som underbygger den skriftlege utgreiinga
  • utskrift frå Statens Kartverk med oversikt over den eller dei tinglyste erklæringane på eigedommen. Denne skal leggast ved dersom det gjeld forhold eldre enn 1930. 

Send opplysingane 

Send alle opplysane i epost til postmottak@alesund.kommune.no 

Kva skjer videre? 

Søknaden blir behandla så raskt som muleg når komplett dokumentasjon er mottatt. 

Når du har fått samtykke til sletting må du kontakte Statens kartverk

 

Til toppen