Kva vil det seie å endre fasade?Fasaden på eit bygg er ytterveggar og tak. Fasadeendringar kan for eksempel omfatte: Vindauge: bytte, sette inn i yttervegg, tak loft eller kjellar Dører: bytte, sette inn i yttervegg eller kjellar Fasade/ytterveggar: etterisolere, rehabilitere, tilbakeføre, endre fasadekledning. Tak: skifte eller etterisolere. Balkong: bygge inn balkong med glas, bygge, rive eller utvide balkong Montering av varmepumpe, markise eller skilt Ikkje alle fasadeendringar er søknadspliktige. Fasadeendring som ikkje fører til at bygninga sin karakter blir endra, samt tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentert utføring er unntatt søknadsplikt. Så lenge bygninga sin arkitektur ikkje blir endra kan du sette inn nytt vindu eller ny dør. Oppussing og vedlikehald er også unntatt frå søknadsplikta. Dersom bygget er eit kulturminne, har vernegrad eller er bygd før år 1900 skal det svært lite til før søknadsplikt inntrer. Dette gjelder særleg i Ålesund sentrum. Er du i tvil om det du vil gjere er søknadspliktig eller ikkje, kan du ta kontakt med kommunen. Ansvarleg for tenesta Byggesak Sist endra 07.12.2022 10.26