Kva må du søke om ved små endringar innandørs?

Endringar i berande konstruksjonar er noko av det som det må søkast om.

Du treng ikkje sende byggesøknad om å

  • sette opp, flytte eller rive ein ikkje-berande vegg innanfor ein og same branncelle
  • skifte ut eller installere nytt utstyr på eksisterande våtrom
  • installere ny kjøkkenventilator som ikkje skal koplast til ventilasjonsanlegget
  • installere kjølerom
  • installere ny vask i eksisterande bustad som allereie har sanitæropplegg

Dette gjeld berre for installering, endring og reparasjon av enkle installasjonar. Tiltaket må ikkje få følgjer for berande konstruksjonar og ikkje bryte branncella.

Du kan sende byggesøknad på eigahand dersom

Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom

  • du skal gjere endringar i berande konstruksjonar og/eller endringar som bryt brannceller.

I slike byggesaker er det krav om at du brukar ansvarleg søkar som bindeledd mellom deg og kommunen. Ansvarleg søkar kan vere eit føretak samansett av for eksempel byggmester, entreprenør eller arkitekt som skal ha kunnskap om plan- og bygningslova og forskriftene. Ansvarleg søkar må erklære ansvar og ha kompetanse til å gjennomføre søknadsprosessen.

Finn foretak med sentral godkjenning her.

Ansvarleg for tenesta