Byggesøknad for terrasse, platting, veranda eller balkong

Skal du bygge terrasse, platting, veranda eller balkong?

Terrasse/platting 

Terrasse/platting er ein konstruksjon for uteareal over bakkenivå, ofte med trapp til terrenget.  

Du slepp å søke viss heile terrassegolvet er lågare enn 0,5 m over bakken. Ingen punkt må vera høgare enn 0,5 meter.

Du slepp å søke viss heile terrassegolvet er lågare enn 1 m over bakken. Ingen punkt må vera høgare enn 1 meter. Terrassen må vera forbunden med ein bygning og kan ikkje stikka lengre ut frå bygningens fasadeliv enn 4 m. Han kan ha eit rekkverk med høgde på inntil 1,2 m og må ha ein avstand til nabogrense på minst 1 meter. Terrasse høgare enn 1 meter skal reknast som bygd ut areal (BYA) og vil då gi auka utnytting på eigedommen. 

Terrasse høgare enn 1 meter og inntil 15 kvadratmeter kan oppførast utan å søke i samsvar med unntak knytt til tilbygg.

Sjekk om du må søke for å bygge terrasse eller platting.  

Veranda 

Veranda er en open bygningsdel, understøtta og eventuelt overdekt av tak. Den kan også vere lukka, som for eksempel ein glassveranda. 

Sjekk om du må søke for å bygge terrasse eller platting.  

Balkong 

Balkong er ein utstikkande og open bygningsdel som er plassert foran ei vindaugedør på bygnings si fasade. Den er omgitt av rekkverk og ikkje understøtta. 

Skal du bygge eller rive ein balkong, må du søke hjelp frå fagfolk. I slike byggesaker er det krav om at du brukar ansvarleg søkar som bindeledd mellom deg og kommunen. Ansvarleg søkar kan vere eit føretak samansett av for eksempel byggmeister, entreprenør eller arkitekt som skal ha kunnskap om plan- og bygningslova og forskriftene. Ansvarleg søkar må erklære ansvar og ha kompetanse til å gjennomføre søknadsprosessen.   

Finn føretak med sentral godkjenning her. 

Takterrasse 

Takterrasse er eit opphaldsareal utan overdekking på eit flatt tak. Takterrasse blir også kalla altan. Ein takterrasse kan vere på eit hus med saltak og flatt tak, og den har eit rekkverk. 

Skal du bygge eller rive ein takterrasse, må du søke hjelp frå fagfolk. I slike byggesaker er det krav om at du brukar ansvarleg søkar som bindeledd mellom deg og kommunen. Ansvarleg søkar kan vere eit foretak samansett av for eksempel byggmeister, entreprenør eller arkitekt som skal ha kunnskap om plan- og bygningslova og forskriftene. Ansvarleg søkar må erklære ansvar og ha kompetanse til å gjennomføre søknadsprosessen.   

Finn foretak med sentral godkjenning her. 

Ansvarleg for tenesta