Byggesøknad for støttemur, terrengendring og drenering Før du skal bygge ein forstøttingsmur må du undersøke kva reglar som gjeld for di tomt. Terrengendringar kan vere fyllingar av masse, planering, graving, masseuttak, steinbrot eller sprenging av terrenget. Støttemur er ein konstruksjon i forbindelse med sikring eller opparbeiding av terreng. Den kan vere av forskjellige typar material, som stein, metall eller tre, og brukast ofte til å forbetre uteareala på eigedommen. Kva du kan gjere kjem an på kva reglar som gjeld for eigedommen, og om det er mistanke om forureining i grunnen. Du treng ikkje sende byggesøknad dersom du set opp ein mindre støttemur med høgde inntil 0,5 meter i nabogrensa du set opp ein mindre støttemur med høgde inntil 1,0 meter, minst 1 meter fra nabogrensa du set opp ein mindre støttemur med høgde inntil 1,5 meter, minst 4 meter fra nabogrensa tiltaket blir bygd med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg. det er snakk om mindre fylling eller planering av terreng med maks 1,5 meter avvik frå opphavleg terreng i tettbygd strøk. Avstand frå fyllingsfoten til nabogrense må vere minst 1,0 m. det er snakk om mindre fylling eller planering av terreng med maks 0,5 meter avvik for rekke- eller kjedehus i tett busetnad. Avstand fra fyllingsfoten til nabogrense må vere minst 1,0 m. det er snakk om mindre fylling eller planering av terreng med maks 3,0 meter avvik i spredtbygde strøk. Avstand fra fyllingsfoten til nabogrense må vere minst 1,0 m. Lokal drenering, samt reparasjon ved rør- og ledningsbrot. Murar og endringar i terreng må ikkje hindre frisiktsoner mot veg. Du må søke om dispensasjon dersom muren kjem i konflikt med regulert byggegrense. Du må sende byggesøknad ved hjelp frå fagfolk dersom terrengendringa eller støttemuren fører til endringar som er større enn dei som er nemnt over. terrengendringa fører til større endringar enn dei som er nemnt over, men kommunen kan frita for ansvarsrettar der det ikkje er fare for liv eller fare for skade, og ikkje er forureina grunn. I slike byggesaker er det krav om at du brukar ansvarleg søkar som bindeledd mellom deg og kommunen. Ansvarleg søkar kan vere eit føretak samansett av for eksempel byggmeister, entreprenør eller arkitekt som skal ha kunnskap om plan- og bygningslova og forskriftene. Ansvarleg søkar må erklære ansvar og ha kompetanse til å gjennomføre søknadsprosessen. Finn foretak med sentral godkjenning her. Ansvarleg for tenesta Byggesak Sist endra 07.12.2022 10.39