Byggesøknad for solcelle- eller solfangaranleggØnsker du å sette opp eit solcellepanel eller eit solfangaranlegg (solenergisystem), kan det hende du må søke om dette. Du treng ikkje sende byggesøknad dersom fasadekarakteren ikkje blir endra vesentleg. Er du usikker, kan vi vurdere dette konkret dersom du sender inn ein førespurnad til kommunen. solenergisystemet ikkje vil komme i konflikt med føresegner eller intensjon i reguleringsplan Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom solenergisystemet skal monterast på verneverdige bygningar det er fare for nedfall på offentlege areal som gater, fortau og felles inngangar solenergisystemet får betydning for brannsikkerheita. Det kan for eksempel vere tilfelle der solenergisystem blir etablert over fleire bueiningar. I ei rekke tilfelle er anlegga så små at vi kan gi unntak frå kravet om ansvarlege føretak sjølv om solenergisystemet er søknadspliktig. Vi kan vurdere dette konkret dersom du sender inn ein førespurnad til kommunen. Ansvarleg for tenesta Byggesak Sist endra 07.12.2022 10.38