Byggesøknad for skilt eller reklame Kva du kan gjere, kjem an på kva som gjeld for din eigedom. Det gjeld blant anna særskilde skiltføresegner for Ålesund sentrum og ein del andre område. Sjekk reguleringsføresegnene for ditt område eller ta kontakt med innbyggartorget dersom du er i tvil. Du treng ikkje sende byggesøknad dersom skilt- og reklameinnretninga er på inntil 3 kvadratmeter og innretninga er montert flatt på veggen. Du må likevel søke dersom du skal montere fleire skilt- og reklameinnretningar du skal sette opp eit verksemdsskilt på ei fasade der det ikkje er andre skilt frå før det nye skiltet skal erstatte eit eksisterande skilt som er godkjent av kommunen Hugs at skilt som i utgangspunktet er unntatt søknadsplikt, likevel kan vere søknadspliktige på grunn av reguleringsføresegnene i området. Det er ditt ansvar at du sett opp skilt i tråd med lovverket og reguleringsplanar. Du bør derfor finne ut kva reguleringsføresegner som gjeld for din eigedom før du sett i gang. Du kan sende byggesøknad på eigahand dersom skilt- og reklameinnretninga er mindre enn 6,5 kvadratmeter montert på vegg, eller er inntil 3,5 meter høg og inntil 1,5 meter brei montert frittståande i terrenget. Desse føresegnene gjeld ikkje plassering av skilt- og reklameinnretningar som kan utgjere ei fare for personsikkerheit, og heller ikkje når fleire skilt skal monterast på same stad eller på same fasade. Eksempelvis blir montering av skilt på fasaden mot eit fortau rekna som ei fare for personsikkerheit. Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom skiltet skal førast opp eller bli tatt ned på fasade over fortau eller andre folksame område du skal montere eller ta ned fleire skilt på same fasade skiltet er større enn 6,5 kvadratmeter, høgare enn 3,5 meter, og breiare enn 1,5 meter Rettleiar for skilt i Ålesund sentrum Då delar av Ålesund sentrum vart regulert til bevaring i 2000, vart det gjort eigne skiltføresegner (ev. godkjent eigen skiltplan) for området. Her finn ein informasjon om blant anna kor mange skilt ein ha for kvar verksemd, storleik og plassering. Kommunen har gitt ut ein eigen skiltrettleiar der du finn informasjon om kva område det gjeld, kva lover og retningsliner som gjeld, og ikkje minst mange gode eksempel på skilt før og no. Du kan få eit gratis eksemplar av rettleiaren på rådhuset, eller laste den ned her. Rettleiar for skilt i Ålesund sentrum (pdf) (PDF, 9 MB) Ansvarleg for tenesta Byggesak Sist endra 07.12.2022 10.37