Byggesøknad for påbygg, tilbygg eller kjellarKva er forskjellen? Med påbygg, tilbygg og kjellar eller underbygg meiner vi utvidingar av bygget oppover, bortover eller nedover. Påbygg er ein ny bygningsdel som blir plassert på ein eksisterande konstruksjon. Ein ekstra etasje er eit typisk påbygg. Tilbygg er ei utviding av grunnflata til eit bygg. Illustrasjon: Byggstart (www.byggstart.no) Martin Hæreid, Byggstart Påbygg og kjellar Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom du skal bygge eller rive eit påbygg, eller underbygge ei eksisterande bygning. I slike byggesaker er det krav om at du bruker ansvarleg søkar som bindeledd mellom deg og kommunen. Ansvarleg søkar kan vere eit føretak samansett av for eksempel byggmester, entreprenør eller arkitekt som skal ha kunnskap om plan- og bygningslova og forskriftene. Ansvarleg søkar må erklære ansvar og ha kompetanse til å gjennomføre søknadsprosessen. Finn føretak med sentral godkjenning. Tilbygg Ut frå adressa du bur på og gjennom relevante spørsmål om endringa du har tenkt å gjere, får du svar på om du må sende byggesøknad for tilbygg eller ikkje. Du kan sjekke om du må søke i rettleiaren til Direktoratet for byggkvalitet. Dersom du treng hjelp, kan du kontakte kommunen. Du treng ikkje sende byggesøknad dersom Tilbygget er på inntil 15 kvadratmeter bebygd areal eller bruksareal. Tilbygget kan ha rom for varig opphald beboelse beboelse. Tilbygget må vere understøtta, kan ikkje overstige to etasjar og må plasserast minst 4 meter frå nabogrensa. Bygget blir oppført med stor nok avstand frå offentleg regulert veg (kor nært du kan plassere bygget, avheng av om det for eksempel er regulert byggegrense mot vegen). Du må informere kommunen om plassering av tiltaket når det er ferdigstilt, slik at det blir ført inn i kommunens kartgrunnlag. Dette gjer du ved å sende inn skjemaet Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt. Du kan sende byggesøknad på eigahand dersom tilbygget har bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) på mindre enn 50 kvadratmeter (tilbygget kan i tillegg ha kjellar dersom kjellartaket er mindre enn 1,5 meter over terrenget rundt bygninga). Du finn informasjon om korleis du sender inn byggesøknad på nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet. Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom tilbygget er større enn 50 kvadratmeter. Finn foretak med sentral godkjenning her. Ansvarleg for tenesta Byggesak Sist endra 09.06.2023 09.42