Byggesøknad for oppdeling eller samanslåing av bustaderDersom du skal dele opp eller slå saman bustader, kan du ikkje søke sjølv. Du må då søke med hjelp frå fagfolk (ansvarleg søkar). Di rolle i byggesaka er å vere tiltakshaver. Det inneber at du eig tiltaket, men at fagfolk må fylle ut søknaden for deg. Prosjektering og utføring skal også overlatast til fagfolk som du må engasjere og inngå avtalar med. Føretaka må erklære ansvarsrett. Direktoratet for byggkvalitet har lista opp firma med sentral godkjenning. Det kan vere aktuelt å opprette eit sameige, eller reseksjonere/slette eit eksisterande sameige. I ei seksjoneringssak fordelar ein eksklusiv bruksrett til delar av bygninga og eventuelt til grunn på eigedommen, medan den fysiske oppdelinga eller samanslåinga blir behandla i ei byggesak. Det er byggesak, plan og geodata som behandlar seksjoneringssaker. Ansvarleg for tenesta Byggesak Sist endra 22.08.2023 11.42