Byggesøknad for gjerde, levegg eller støyskjerm

Byggesøknad for gjerde, levegg eller støyskjerm

Kort fortalt

  • Før du set opp gjerde, levegg eller støyskjerm må du undersøke kva reglar som gjeld for di tomt.
  • Det er reglar for både høgder og lengder.
  • Enkelte tiltak kan du søke om sjølv. Nokon tiltak treng du ikkje søke om. Nokon tiltak må fagfolk søke for deg.
  • Gjerde kan vere plankegjerde, stakittgjerde, flettverksgjerde, smijernsrekkverk eller andre typer rekkverk med ein enkel, open konstruksjon.
  • Open konstruksjon er ein konstruksjon der både gåande og køyrande lett kan sjå gjennom konstruksjonen, uavhengig av synsvinkel.
  • Levegg er ein tett skjerm som begrensar innsyn og støy, og gir ly for vind. Levegg kan vere frittståande eller vere knytt saman med eit bygg.
  • Støyskjerm er ein tett skjerm som begrensar innsyn og støy, og gir ly for vind. Støyskjermen er ofte noko lengre enn ein levegg og har lyddempande material.

Kva du kan gjere på eigedommen din kjem an på kva reglar som gjeld for eigedomen. For eksempel kan det vere regulert inn byggegrense som avgrensar kor du kan sette levegg eller støyskjerm.

Sjølv om du slepp å søke, er det ditt ansvar at du bygger i tråd med lovverket og reguleringsplanar. Du bør derfor finne ut kva reguleringsføresegner som gjeld for eigedomen. Kommunen kan hjelpe deg med å finne lokale plankart og føresegner.

Du treng ikkje sende byggesøknad dersom

  • Gjerdet er opent og luftig til nabogrensa, og maks 1,5 meter høgt
  • Gjerdet som plasserast på grensa til regulert veg, er lågare enn 0,5 meter (det skal vere fri sikt til vegen)
  • Leveggen er inntil 1,8 meter høg og inntil 10 meter lang, plasserast inntil 1 meter fra nabogrensa og plasserast med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg.
  • Leveggen er inntil 1,8 meter høg og maks 5 meter lang, plassert i nabogrensa og plasserast med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg.

Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom

  • Du skal sette opp eller rive ein støyskjerm

I slike byggesaker er det krav om at du brukar ansvarleg søkar som bindeledd mellom deg og kommunen. Ansvarleg søkar kan vere eit føretak sett saman av for eksempel byggmeister, entreprenør eller arkitekt som skal ha kunnskap om plan- og bygningslova og forskriftene. Ansvarleg søkar må erklære ansvar og ha kompetanse til å gjennomføre søknadsprosessen.

Finn foretak med sentral godkjenning her.

Ansvarleg for tenesta

 

Til toppen