Byggesøknad for garasje eller carport

Kva du kan gjere på eigedommen din kjem an på kva reglar som gjeld for eigedomen. Sjølv om du slepp å søke, er det ditt ansvar at du bygg i tråd med lovverket og reguleringsplanar. Kommunen kan hjelpe deg å finne lokale plankart og føresegner. Du bør derfor finne ut kva reguleringsføresegner som gjelder for din eigedom.

Må du søke?

Nokre frittliggande bygg må du søke om. Ut i frå om området er regulert og gjennom relevante spørsmål om endringa du har tenkt å gjere, får du svar på om du må søke eller ikkje.

Sjekk om du må søke.

Du treng ikkje sende byggesøknad dersom

  • samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 50 kvadratmeter
  • det er over 1 m til nabogrensa
  • bygget blir oppført med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg (kor nær vegen du kan plassere bygget, er avhengig av om det er regulert byggegrense i reguleringsplanen eller ikkje).
  • maks gesimshøgde er 3,0 m og maks mønehøgde er 4,0 m.
  • bygget er frittliggande, på éin etasje og utan kjellar.
  • du ikkje overskrid kor mykje du har lov til å bygge på eigedommen din. Du kan finne ut kor stort du kan bygge gjennom rettleiaren til direktoratet for byggkvalitet.
  • bygningen ikke blir plassert i konflikt med offentlege vatn- og avløpsleidningar.

Du må informere kommunen om plassering av tiltaket når det er ferdigstilt, slik at plasseringa blir ført inn i kommunens kartgrunnlag. Dette gjer du ved å fylle ut skjemaet Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt som du kan sende til kommunen.

 

Du kan sende byggesøknad på eigahand dersom

  • Samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 70 kvadratmeter
  • Bygget er på maks ein etasje (kjellar gjeld ikkje som eigen etasje). 

Søk på eigahand.

 

Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom

  • Bygget er over 70 kvadratmeter
  • Bygget er på meir enn ein etasje (kjellar gjeld ikkje som eigen etasje).

I slike byggesaker er det krav om at du brukar ansvarleg søkar som bindeledd mellom deg og kommunen. Ansvarleg søkar kan vere eit føretak sett saman av for eksempel byggmeister, entreprenør eller arkitekt som skal ha kunnskap om plan- og bygningslova og forskriftene. Ansvarleg søkar må erklære ansvar og ha kompetanse til å gjennomføre søknadsprosessen.

Finn foretak med sentral godkjenning her.

Ansvarleg for tenesta