Når du skal finne ut kva reguleringsreglar som gjeld for eigedomen din, kan kommunen hjelpe deg å finne lokale plankart og reglar.
Desse tiltaka er frittliggande bygg for oppbevaring av blant anna utstyr. Desse bygningane skal ikkje brukast til bustad.
Må du søke?
Dersom området er regulert, vil spørsmåla nedanfor gi svar på om du må sende byggesøknad eller ikkje.
Du treng ikkje sende byggesøknad dersom
- samla bruksareal (BRA) eller utbygd areal (BYA) er under 50 kvadratmeter
- det er over 1 m til nabogrensa
- bygninga blir oppført med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg (kor nær vegen du kan plassere bygget, avhenger av om det er regulert byggegrense i reguleringsplanen eller ikkje).
- maks gesimshøgde er 3,0 m og maks mønehøgde er 4,0 m.
- bygget er frittliggande, på éin etasje og utan kjellar
- du ikkje overskrid kor mykje du har lov til å bygge på eigedommen din. Du kan finne ut kor stort du kan bygge gjennom rettleiaren til direktoratet for byggkvalitet.
- bygget ikkje blir plassert i konflikt med offentlege vass- og avløpsledningar
Uansett om du skal sende byggesøknad eller ikkje, må du hugse å ferdigmelde bygget.
Du må informere kommunen om plassering av tiltaket når det er ferdigstilt, slik at plasseringa blir ført inn i kommunens kartgrunnlag. Bruk då:
Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt
Søk på eigahand
Du kan sende byggesøknaden på eigehand dersom samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 70 kvadratmeter, og bygget er maks ein etasje høg (bygget kan i tillegg ha kjellar)
Slik søker du på eigahand
Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom
I slike byggesaker er det krav om at du brukar ein ansvarleg søkar som bindeledd mellom deg og kommunen. Ansvarleg søkar kan vere eit føretak sett saman av for eksempel byggmeister, entreprenør eller arkitekt som skal ha kunnskap om plan- og bygningslova og forskriftene. Ansvarleg søkar må erklære ansvar og ha kompetanse til å gjennomføre søknadsprosessen.
Finn føretak med sentral godkjenning her.