Bestill møte med ein saksbehandlar
For tiltak som du sjølv kan søke om (søknad utan ansvarsrett), kan du møte oss åleine. For tiltak som krev at du engasjerer eit føretak (kalla ansvarleg søkar) til å ta seg av heile søknadsprosessen, bør du ha med deg nokon frå føretaket til møtet. Dette blir kalla førehandskonferanse.
Førehandskonferansen er eit møte mellom deg og ein saksbehandlar før søknaden blir sendt inn. På møtet vil du eller de få meir informasjon om behandlinga av byggesøknaden. Dette vil gi betre søknader og dermed raskare saksbehandling.
Byggesøknaden blir ikkje behandla på dette møtet.
Vi treng informasjon om:
- Eigedommen det gjeld
- Kva du ønsker å bygge (kartutsnitt med tiltaket innteikna, teikningar/skisser)
- Alternative tidspunkt det passar å møtast
Ein av saksbehandlarane våre vil ta kontakt med deg for å avtale eit møte.
Bestill førehandskonferanse her
Gebyr
Gebyr førehandskonferanse: kr 3 550,- per møte.
Har du spørsmål?
Er du usikker på om du har ei plan- eller byggesak? Kontakt innbyggartorget.