Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Hovudnummeret til Ålesund kommune er
70 16 20 00. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 på kvardagar.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

Kva er ein reguleringsplan

Kva er ein reguleringsplan

Kva er ein plan, korleis blir den laga, prosess, når og korleis kan du påverke. 

Korleis skal vi bo? Kor skal vi ha parkar og kor skal vi ha hus? Korleis skal vi bevege oss rundt i kommunen? Kommunen styrer dette ved hjelp av reguleringsplanar.

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan gir reglar for korleis areala innanfor eit område kan brukast eller kva slags bebyggelse som kan bli oppført. Den består av ein planomtale, eit plankart og planføresegner.  I tillegg kan den innehalde støyrapport, geologiske undersøkingar, eigne planar for overvasshandtering, renovasjon, med meir.

Planomtalen inneheld sjølve beskrivelsen av planen, kva ein ønsker å oppnå, samt verknadane av planen.

Plankartet viser kor boligar, vegar, leikeplassar, skular, osv. skal ligge.

Føresegnene utfyller plankartet og definerer nærare korleis områda kan brukast, kva som kan byggast, kva som skal bevarast, osv. Ofte inneheld føresegnene også reglar om kva som må vere på plass, som f.eks. ein meir detaljert plan eller opparbeiding av veg eller leikeplass, før ein kan få lov til å bygge.

Ein reguleringsplan er rettsleg bindande for arealbruken i området. Dette betyr alle tiltak innanfor planområdet må følge plankartet og planføresegnene.

Ulike typar reguleringsplanar

Det fins to typar reguleringsplanar. Din eigedom kan vere berørt av fleire. I kommunens to kartportalar (GeoInnsyn og WebInnsyn) kan du sjølv finne arealplan for din eigedom.

  • Områderegulering
    Denne typen plan utarbeidast der det er behov for meir områdevise avklaringar av arealbruken. Områdereguleringar utarbeidast normalt av kommunen, eller av andre i samarbeid med kommunen.
     
  • Detaljregulering
    Dette er ein meir detaljert reguleringsplan. Detaljreguleringa tek for seg mindre område eller enkelte tomter, og gir føringar om bruk og kva som kan byggast på areala. Ein reguleringsplan er også i mange tilfelle nødvendig rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, herunder ved eventuell ekspropriasjon.

Mindre endringar innanfor ei detaljregulering

Innanfor ei eksisterande detaljregulering kan det også gjerast mindre endringar. Dette er endringar som ikkje gjeng ut over hovudrammene i den eksisterande planen, som ikkje påverker gjennomføringa av planen for øvrig, eller berører viktige natur- og friluftsområder. Det kan også vere små justeringar av grenser og arealformål.

Bebyggelsesplan

Bebyggelsesplan er utgått som plantype for nye reguleringsplaner, men kommunen har flere bebyggelsesplaner som fortsatt gjeld. Bebyggelsesplan er ein detaljplantype for ei ytterlegare detaljering av ein reguleringsplan. Ein bebyggelsesplan har samme rettsverknad som ein reguleringsplan. Den kan innehalde detaljerte føresegner om gesimshøgde, takvinkel og krav om bygningsmessig samanheng med anna bebyggelse, og i spesielle tilfeller material- og fargebruk og utforming av uteareal.

Når kan du påverke reguleringsplanar?

For å regulere eit område må planforslaget behandlast i ei lovpålagt rekkefølge. Alle berørte skal varslast og få høve til å seie si meining undervegs før ein reguleringsplan blir vedtatt.

Oppstart og varsling av plan

Dette er svært tidleg i planarbeidet. Den som står bak planen, for eksempel ein utbyggar eller grunneigar, har ein idé om kva som skal gjerast med eit område. Planen er foreløpig ikkje detaljert, men kommunen gir sine foreløpige vurderingar. Da skal det varslast oppstart av planarbeidet. I varslingsperioden kan naboar, grunneigarar og relevante offentlege organ gi innspel til den som utarbeidea planen (fagkunnig). Alle innspela skal vurderast i det vidare arbeidet.

Offentleg ettersyn

Etter varslingsperioden utarbeider plankonsulenten eit planforslag basert på føringar frå kommunen, og innspela som kom inn. Planmaterialet kan vere omfattande med fleire vedlegg.

Planutvalget avgjer om planen skal leggast ut til offentleg høyring, eller om dei krev at planen blir arbeidd meir med eller om den blir avvist. Ved offentleg høyring har igjen alle som blir berørt av planen mulegheit til å uttale seg. Både vi og den som har laga planforslaget, vurderer korleis merknadane skal påverke planforslaget. Som regel blir det gjort nokre endringar på planforslaget. Oppdatert planforslag blir så behandla politisk.

Plankunngjeringar.

Vedtak

Kommunestyret vedtar reguleringsplanar, medan mindre endringar blir vedtatt administrativt. Dette blir annonsert i avisa og på kommunens nettside. Berørte partar og personar som tidlegare har sendt inn merknader til planforslaget får brev med varsel om vedtak.

Kommunestyrets vedtak kan klages på.

Når kan du klage?

Til toppen