Bestill møte med ein saksbehandlarNår du skal starte arbeidet med ein reguleringsplan må du først ha eit oppstartsmøte med oss. Du kan som privatperson vere forslagsstillar og bestille oppstartsmøte, men ein fagkunnig plankonsulent må delta på møtet og utarbeide sjølve reguleringsplanen. Oppstartsmøte Oppstartsmøtet er obligatorisk og skal primært gi gjensidig orientering, der vi informerer om overordna planar og føringar, rettleiar om planarbeidet generelt, og gir rammer for planarbeidet. Før du bestiller møte For å få mest muleg ut av oppstartsmøtet, treng vi litt informasjon på førehand slik at vi er best mogleg førebudd. Du må ta stilling til korleis forslaget ditt blir påverka av overordna planar, føringar og reguleringar som allereie gjeld for området, lokale forhold med meir. - Kva gjeld for den aktuelel eigedomen. - Forskrift om behandling av private planforslag. Bestill oppstartsmøte her Etter at du har bestilt oppstartsmøte Når vi mottar ei bestilling av eit oppstartsmøte, får du som regel svar frå oss innan to veker når saka har blitt tildelt ein saksbehandler og det er gjort nødvendige avklaringar. Etter dette avtalar vi eit oppstartsmøte. Gebyr Frå 1.1.2020 er det innført gebyr: Oppstartsmøte - per møte kr 8 000,- Oppstartsmøte mindre komplekse planinitiativ - per møte kr 4 000,- Sist endra29.04.2020 14.54