Søkje kommunal utleigebustad

Søkje kommunal utleigebustad

Du kan søkje om å leige ein kommunal bustad om du ikkje klarer å skaffe deg ein eigna bustad sjølv, eller med hjelp frå andre eventuelt annan offentleg hjelp. Du kan òg søkje om kommunal bustad om du treng spesiell tilpassing på grunn av alder eller ei form for funksjonsnedsetting.

Kort fortalt

  • Kommunal bustad er eit mellombels tilbod.
  • Bustadane vert tildelt etter søknad for tre år av gongen. Du kan søkje om å leige lenger dersom du fortsatt har behov.
  • Du kan søke om bustønad frå Husbanken for å dekke delar av husleiga.

Slik søker du om utleigebustad

Her kan du søke om kommunal bustad

Skal bu saman med nokon?

Her kan du registrére økonomiopplysningar på eventuell medleigetakar

Det er viktig at du lastar opp desse vedlegga til søknaden:

  • Siste skattemelding
  • Siste månadlege inntektsgrunnlag (f.eks. lønnsseddel, NAV-utskrift, osv)
  • Helsedokumentasjon om du søker på grunnlag av helse.

Søknaden er gyldig i 3 månader frå du får bekrefting på at den er registrert.

Seie opp kommunal bustad

Du må gi skriftleg beskjed om du vil avslutte leigeforholdet. Her kan du seie opp den kommunale bustaden din

Til toppen