Sal av bustadtomter

Sal av bustadtomter

Ålesund kommune har meir enn 100 bustadtomter for sal.

Kort fortalt

  • Fastpristomter: Ålesund kommune har ca. 95 bustadtomter til sals til fastpris. Desse kan reserverast fortløpande og blir selt etter prinsippet om «førstemann til mølla".
  • Tomter til høgstbydande: Ålesund kommune har ei bustadtomt på Hovland (Ellingsøya) som blir selde til høgstbydande. Den er no lagt ut til sals på FINN: https://www.finn.no/22089713. Ålesund kommune har 3 bustadtomter på Amdam som blir selde til høgstbydande. Desse er no lagt ut til sals på FINN: Annonse på FINN. Ålesund kommune har ei bustadtomter i Olsvika (gbnr. 34/333) som blir lagt ut til sals på FINN i løpet av nokre veker.

Tomtene går fram av kartet nedanfor.

  • Tomter som er merka med grøn farge er no til sals.
  • Tomter som er merka med rød farge kjem til sals om nokre veker eller månedar.
  • Tomter som er merka med svart farge er allereie reservert.

Klikk på dråpeboblene for å få fram informasjon om tomtene. Det finns også ei liste over tomtene nedanfor kartet.

Opne kartet i nytt nettlasarvindauge

Sal av tomter til fastpris

Desse tomtene kan no reserverast.

  • Ein kan berre reservere ei tomt per person/par/husstand/familie.
  • Reservasjon er uforpliktande, noko som betyr at ein ikkje er forplikta til å kjøpe tomten før kjøpekontrakt er underteikna.

Sjå salsvilkåra. (PDF, 622 kB)

Tomtene blir selde «som dei er», jfr. Avhendingslova § 3-9.

Tomtene seljes til fastpris. Tinglysingskostnader for skøyte, samt tilknytingsavgift for vatn og avløp, kjem i tillegg til kjøpesummen.

Tomtene blir selde med tre års byggeplikt, det vil seie at kjøpar må innan tre år frå dato for tinglyst skøyte, ha bygd ferdig eit godkjent bustadhus (dokumentert enten med mellombels bruksløyve eller ferdigattest) på tomta. Er dette ikkje oppfylt har skal Ålesund kommune ha rett til å kjøpe tilbake tomta («gjenkjøpsrett») til den pris den ble selt for.

Ålesund kommune skal ha forkjøpsrett til tomter som vidareseljast både som ubebygd tomt, òg etter at byggearbeidet er igangsett, fram til tomta er bygd ut med godkjent bustadshus.

Reservér tomt

Tomter reserverast ved å sende e-post til tomter@alesund.kommune.no

Gjer vel og opplyse:

  • Fullt namn og adresse på kjøper,
  • Mobilnummer og e-post for vidare kontakt
  • Gnr/Bnr på tomta som ønskast reservert
  • Eventuelt legg til spørsmål om tomta og salet elles.

Send ein reservasjon

Sjå tomtene som er til sals

Tomter som blir selde til høgstbydande

Dette er bustadtomter som blir selde på den opne marknaden til høgstbydande.

Ålesund kommune har ei bustadtomt på Hovland (Ellingsøya) som blir selde til høgstbydande. Den er no lagt ut til sals på FINN: https://www.finn.no/220897135

Ålesund kommune har 3 bustadtomter på Amdam som blir selde til høgstbydande. Desse er no lagt ut til sals på FINN: Annonse på FINN

Boligtomten gbnr. 34/333 i Olsvika kjem til salgs om nokre veker.

Få meir informasjon

Vil du bli varsla når tomtene kjem for sal? Eller har du andre spørsmål om tomtene? Send oss ein e-post på  tomter@alesund.kommune.no.

Be om å få meir informasjon

Til toppen