Ålesund kommunale eigedom KF (ÅKE)

Ålesund kommunale eigedom KF (ÅKE)

Ålesund kommunale eigedom KF (ÅKE) er Ålesund kommune sitt eigedomsføretak og står som eigar av den totale eigedomsmassen til Ålesund kommune.

Føretaket sitt formål er ei forretningsmessig og kostandseffektiv eigedomsforvaltning av kommunens eigedomar og ikkje utbygde areal. Dette gjeld drift, vedlikehald, rehabilitering, utbygging, utleige og innleige, kjøp og sal.

Eigedomsføretaket representerer Ålesund kommune ved utvikling av nye byggeprosjekt gjennom prosjektleiing og byggherrefunksjon, og ved tilrettelegging av nye bustad- og industriområde.

Eigedommane på totalt 270.000 m2 består av bustader, sjukeheimar, skolar, barnehagar, kulturbygg og idrettshallar.

Eigedomsføretaket administrerer også Husbanken sine personretta låne- og tilskotsordningar som startlån, bustadtilskot til etablering og tilpassing og bustøtte. Utleige, drift og forvaltning av kommunale bustader er også tillagt eigedomsføretaket.

Kva lurer du på?

Avdelingar

Her finn du oss

Besøksadressa er: Korsegata 4B, 6002 Ålesund (2. etasje).

Til toppen