Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Matrikkelen

Matrikkelen

Matrikkelen er Noreg sitt offisielle register for eigedommar, bygningar og adresser. Eigedomsopplysningar som er registrert i matrikkelen kan ein for eksempel sjå i kommunens to kartportalar.

Opplysningar i matrikkelen om eigedommar er f.eks.: 

  • Gards- og bruksnummer (og eventuelt feste- eller seksjonsnummer)
  • Eigedommens areal
  • Eigedomspunkt og eigedomsgrenser.

Opplysningar i matrikkelen om bygningar er f.eks.:

  • Bygningstype og bygningsstatus
  • Antal etasjar og areal per etasje
  • Antal brukseiningar, areal per brukseining og antal rom per brukseining (ei brukseining er enten ein bustad, ein fritidsbustad eller eit næringslokale)

Opplysningar i matrikkelen om adresser er f.eks.:

  • Vegadresse (Vegnamn og husnummer)
  • Eventuelt matrikkeladresse (gardsnummer og bruksnummer)
  • Opplysingar om krinsar som grunnkrins, valgkrins og skulekrins.

Sjå meir om matrikkelen på kartverket.
Sjå meir om gards- og bruksnummer på kartverket

Til toppen