Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Kart

Kart

Kommunen har kartløysingar der du kan finne informasjon om størrelse på eigedommar og om kva planar som gjeld for eit område, historiske kart og flyfoto.

Ålesund kommune har to innsynsløysingar for kart:

GeoInnsyn

WebInnsyn

GeoInnsyn (publikumskart)

GeoInnsyn kan brukast både på nettbrett, mobil og pc/mac og er den vi tilrår for publikum. Her kan du søke på stadsnamn, adresse og eigedom (gardsnummer/bruksnummer) og kartet viser grunnlagsdata, eigedommar og pågåande byggesaker.

Vedtatte kommunedelplanar, reguleringsplanar og reguleringsplanar under arbeid er lagt inn i løysinga.

Du kan også finne historiske flyfoto frå 2018, 2015/2016, 2006/2007, 2010/20111964/1968 og 1947

Vegnett viser vegar, gater og stiar og synleggjer for eksempel kva som er fylkesveger, kommunale eller og private vegar.

WebInnsyn (avansert / utvida kart)

WebInnsyn inneheld fleire datasett og har meir funksjonalitet, men er derimot også vanskelegare i bruk. I tillegg til alt som blir vist i GeoInnsyn inneheld WebInnsyn også ein god del tematiske kart. I dei tematiske karta er bakgrunnsinformasjonen nedtona for å framheve innhaldet. Eksempel på temakart kan være flaumvegar, kulturminne, forureining, biologisk mangfald og liknande.

Temakart

Snarvegar til nokre aktuelle temakart:

Til toppen