Adresse og bolignummer

Adresse og bolignummer

Adresser og skilt skal sørge for at du kan finne fram til bygningar, boligar og andre aktuelle stader. Den offisielle adressa kan enten vere ei vegadresse eller ei matrikkeladresse.  Offisielle adresser med fleire brukseiningar, for eksempel i ei boligblokk, vil i tillegg bestå av eit brukseiningsnummer. Det er kommunen som vedtar vegnamn og tildeler adresser og brukseiningsnummer. Opplysingane registrerast i matrikkelen (det offisielle eigedomsregisteret i Norge).
 

Matrikkeladresse

Eigedommar blir unntaksvis (og ofte midlertidig) tildelt matrikkeladresse. Ei matrikkeladresse består av gardsnummer, bruksnummer og eventuelt feste- eller seksjonsummer. Ei matrikkeladresse kan for eksempel vere slik: 123/1/0/0 (Gnr./Bnr./Fnr./Snr).

Vegadresse

Kommunen har som målsetting at eigedommar som det er nødvendig å finne fram til, skal tildelast vegadresser. Vegadresser består av eit vegnamn og eit husnummer. Husnummer blir tildelt med partall på ei side av vegen og oddetall på motsatt side av vegen, og med aukande nummerering frå starten av vegen.
Dei fem tidlegare kommunene, som i dag dannar Ålesund kommune, har følgd ulike adresseringsprinsipp og det varierer derfor om oddetall er på venstre- eller høgre side av vegen rundt om i kommunen. Dei adresseringsprinsippa som er nytta i dei ulike delane av kommunen vil bli vidareført.

Brukseiningsnummer

I fleirbolighus, for eksempel boligblokker, blir det normalt sett ei adresse per inngang til bygget.
For at kvar enkelt leiligheit eller hybel i bygget skal ha ei eiga adresse, blir det i tillegg tildelt eit brukseiningsnummer (tidlegare kalt bolignummer).
Brukseiningsnummeret består av ein bokstav og fire tal. Bokstaven og dei to første tala angir kva etasje leiligheita ligg i. Dei to siste tala angir leiligheita sitt nummer i etasjen, rekna frå venstre mot høgre.
Folkeregisteret vil kreve at ein oppgir brukseiningsnummer når ein melder flytting.

Korleis finne brukseiningsnummeret?

Eigar kan sjølv hente ut informasjon om brukseiningsnummeret i kommunens kartinnsyn (GeoInnsyn og WebInnsyn). 

Sjå rettleiing for korleis finne brukseiningsnummer (pdf). 

Ver merksam på at det er lett å gjere dette feil, så vi oppmodar deg til å  ta kontakt med kommunen for å få stadfesta korrekt brukseiningsnummer.

Sjå meir om adresse på kartverket
Sjå meir om vegadresser på kartverket
Sjå meir om brukseiningsnummer på kartverket
Skal du melde adresseendring gjerast det i folkeregisteret og posten

Til toppen