Førtløpande vurdering
Alle som søkjer mellom den 20. i noverande månad og 20. i neste månad blir vurdert fortløpande.
- Dei som manglar dokumentasjon får brev om å oppdatere søknad/ettersende dokumentasjon.
- Dei som er innanfor kriteria for kommunal bustad får beskjed om at dei er på ei «godkjentliste». Avhengig av tilgjengelege bustader og prioritering blant godkjente søkjarar, vil ein kunne få tildelt ein bustad.
Tildelingsmøte
I slutten av kvar månad gjennomfører Ålesund kommunale eiendom (ÅKE) eit tildelingsmøte. Dine oppgitte kontaktpersonar som er nevnt i søknaden blir kontakta for prioritering.
Tildeling av bustad
I løpet av den første veka i kvar månad, vil dei som har fått tildelt ein bustad bli kontakta på telefon og i brevsform.
Visning og kontrakt
Dei som har fått tildelingsbrev får beskjed om å kontakt ÅKE for visning. Om bustaden er aktuell må evt. NAV-garanti skaffast om dette er etterspurt i tildelingsbrevet. Kontraktsmøte blir avtala, der kontrakt med 3 års varigheit blir signert. Bustad med nøklar blir også overlevert på kontraktsmøtet.