Sal av bustadtomter og andre eigedommar

Ålesund kommune har ei rekke eigedommar som enten er til sals eller kjem for sal.

Kort fortalt

  • Fastpristomter (bustadtomter): Ålesund kommune har 93 bustadtomter til sals til faste prisar. Desse kan reserverast fortløpande og blir selt etter prinsippet om «førstemann til mølla".
  • Bustadtomter som blir selde til høgstbydande:
  • Bustadhus:
    • Bustadeigedommen Vatnevegen 10 (Gamle Presteboligen Vatne - gbnr. 373/44) kjem for sal våren 2023.
    • Leilegheit i Strandgata 34 (gbnr. 328/45 snr. 40) kjem for sal våren 2023.
    • Leilegheit i Strandgata 36 (gbnr. 328/45 snr. 35) kjem for sal våren 2023.
    • Bustadeigedommen Einevegen 8 (gbnr. 32/1 fnr. 55) kjem i 2023/2024.​​​​​​
    • Bustadeigedommen Øvre Bergvegen 21 (gbnr. 201/29) kjem for sal i 2023/2024.
    • Bustadeigedommen Repslagergata 10 (gbnr. 201/456) kjem for sal i 2023/2024.
  • BKB2-tomten (gbnr. 133/355 m/fl.), Volsdalsneset, ca. 8,5 mål, ubebygd tomt regulert til bolig/forretning/kontor, kjem for sal i 2023.
  • Spjelkavik brannstasjon (gbnr. 24/207 og 24/255) kjem for sal i 2023.
  • Nausttomt, Leithaugvika, kjem for sal i 2023.

Eigedommane går fram av kartet nedanfor.

  • Eigedommar som er merka med grøn farge er no til sals.
  • Eigedommar er merka med rød farge kjem til sals om nokre veker eller månedar.
  • Eigedommar som er merka med svart farge er fastpristomter som er reservert.

Klikk på dråpeboblene for å få fram informasjon om tomtene. Det finns også ei liste over tomtene nedanfor kartet.

 

Opne kartet i nytt nettlasarvindauge

Sal av tomter til faste prisar

Vi har 93 bustadtomter som blir selde til faste prisar.

Desse tomtene kan reserverast.

  • Ein kan berre reservere ei tomt per person/par/husstand/familie.
  • Reservasjon er uforpliktande, noko som betyr at ein ikkje er forplikta til å kjøpe tomten før kjøpekontrakt er underteikna.

Sjå salsvilkåra. (PDF, 96 kB)

Tomtene seljes til faste prisar. Tinglysingskostnader for skøyte, samt tilknytingsavgift for vatn og avløp, kjem i tillegg til kjøpesummen.

Tomtene blir selde med tre års byggeplikt, det vil seie at kjøpar må innan tre år frå dato for tinglyst skøyte, ha bygd ferdig eit godkjent bustadhus (dokumentert enten med mellombels bruksløyve eller ferdigattest) på tomta. Er dette ikkje oppfylt har skal Ålesund kommune ha rett til å kjøpe tilbake tomta («gjenkjøpsrett») til den pris den ble selt for.

Ålesund kommune skal ha forkjøpsrett til tomter som vidareseljast både som ubebygd tomt, òg etter at byggearbeidet er igangsett, fram til tomta er bygd ut med godkjent bustadshus.

Reservér tomt

Tomter reserverast ved å sende e-post til tomter@alesund.kommune.no

Gjer vel og opplyse:

  • Fullt namn og adresse på kjøper,
  • Mobilnummer og e-post for vidare kontakt
  • Gnr/Bnr på tomta som ønskast reservert
  • Eventuelt legg til spørsmål om tomta og salet elles.

Send ein reservasjon

Sjå tomtene som er til sals

Bustadtomter som blir selde til høgstbydande

Dette er bustadtomter som blir selde på den opne marknaden til høgstbydande.

Bustader

  • Bustadeigedommen Vatnevegen 10 (Gamle Presteboligen Vatne - gbnr. 373/44) kjem for sal i våren 2023.
  • Leilegheit i Strandgata 34 (gbnr. 328/45 snr. 40) kjem for sal våren 2023.
  • Leilegheit i Strandgata 36 (gbnr. 328/45 snr. 35) kjem for sal våren 2023.
  • Bustadeigedommen Einevegen 8 (gbnr. 32/1 fnr. 55) kjem for sal i 2023/2024.​​​​​​
  • Bustadeigedommen Øvre Bergvegen 21 (gbnr. 201/29) kjem for sal i 2023/2024.
  • Bustadeigedommen Repslagergata 10 (gbnr. 201/456) kjem for sal i 2023/2024.

Alle blir lagt ut til sals på FINN.

Andre eigedommar

  • BKB2-tomten (gbnr. 133/355 m/fl.), Volsdalsneset, ca. 8,5 mål, ubebygd tomt regulert til  bolig/forretning/kontor, kjem for sal i 2023.
  • Spjelkavik brannstasjon (gbnr. 24/207 og 24/255) kjem for sal i 2023.
  • Nausttomt, Leithaugvika, kjem for sal i 2023.

Alle blir lagt ut til sals på FINN.

Få meir informasjon

Vil du bli varsla når eigedommen kjem for sal? Eller har du andre spørsmål om eigedommane? Send oss ein e-post på  tomter@alesund.kommune.no.

Be om å få meir informasjon