Praktisk hjelp til bustadenDenne sida er for deg som bur i kommunal bolig og treng praktisk hjelp med bustaden. Som leigetaker har du ansvaret for vedlikehald inne i bustaden. Meld frå om feil ved kommunal bustad Slik kan du melde frå om feil og manglar i opningstida: Ring innbyggartorget på tlf: 70 16 20 00 Ring til vår tilsynsvakt/vaktmester på telefon 94 51 18 49 Send e-post til kommunen Send e-post til ÅKE Dette kan du ordne sjølv Nøklar Dersom du mister ein nøkkel må du betale for å få ein ny. Gjeld det tap av nøkkel som du brukar til både oppgangsdør til eigedomen og inngangsdør må du kontakte Ålesund kommunale eigedom KF for å få bestilt ein ny. Bur du i eit burettslag eller sameige kan du sjekke heimesida deira om du kan bestille ny nøkkel der. Dersom du har reservenøkkel, kan du kopiere den hos eit firma som sliper nøklar. Dersom du har mista alle nøklane dine, må ein låsesmed bytte lås. Dette må du betale for sjølv og kan koste fleire tusen kroner. Det er lurt å ha reservenøklar til bustad og postkasse oppbevart hos familie eller ein nabo du stolar på. Vatn Dersom det renn eller dryp vatn og du ikkje klarer å stenge det: Renn det vatn heile tida? Steng stoppekrana for å stanse vatne i bustaden. Stoppekrana finn du som regel på badet eller under kjøkenvasken. Dersom det renn vatn og du ikkje klarer å stenge det: Kontakt Ålesund kommunale eigedom KF med ein gong. Då sender vi fagfolk for å hjelpe deg. Dryp det vatn under vasken når vatnet renn ut? Sjekk koplingane og pakningane til røra under vasken. Dersom det er sprekke i rør, kontakt Ålesund kommunale eigedom. Kondens/fukt/dråpar vatn på toalett eller rør? Dette er ikkje lekkasje. Det skjer som følgje av at rommet er varmt, medan det er kaldt vatn i rør og/eller toalett. Da kondenserar lufta til fukt på den kalde overflata. Tørk opp vatnet og sørg for god ventilasjon og lufting i rommet. Det er ikkje vatn i krana Undersøk om du har elektronisk lekkasjestoppar (aquastop) i skapet under vasken. Den stoppar vatnet dersom det blir fuktig i området under vasken. Er det vatn under vasken må du tørke opp og sørge for at det er heilt tørt før vatnet kan kome tilbake. Spør om naboen din har vatn. Dersom det er fleire som er utan vatn, kan det vere rørleggararbeid i bygninga. Sjekk om det er informasjonsoppslag om det i oppgangen eller ved postkassen. Stengt vatn kan òg gjelde eit større område. Vasken eller sluken er tett Rens sluken eller vasslås under vasken. Det bør gjerast fleire gongar i året. Filmane nedanfor er lånt av Boligbygg Oslo KF: I denne videoen kan du se hvordan du renser sluket. I denne videoen kan du se hvordan du rengjør vannlåsen. Dersom reinsing ikkje er nok, bør du bruke flytande avløpsopnar for å opne opp røra. Ikkje bruk avløpsopnar i pulverform da den kan gjere problema verre ved at pulveret stivnar. Meld frå til ÅKE om dette ikkje hjelper. Toalettet er tett Forsøk å stake opp toalettet med ei klosettpumpe/vakuumpumpe. Hjelper ikkje dette kontakt ÅKE. Brannsikring Røykvarslar Lagar røykvarslaren eit pip med jamne mellomrom, må du bytte batteri. Bytt batteri minst ein gong kvart år. Er røykvarslaren gamal, kan du bytte mot ein ny. Kontakt ÅKE. Brannsløkkingsapparat Du bør sjekke brannsløkkingsapparatet med jamne mellomrom: Sjekk at målaren på apparatet peikar mot det grøne området. Det er lurt å snu på apparatet nokre gongar slik at pulveret flyttar på seg inni apparatet. Sjå gode råd om brannvern på fleire språk (Norsk brannvernforening) Temperatur og inneklima Det er viktig å lufte ofte. Fuktig luft er vanskelegare å varme opp enn tørr luft. Sjølv om det blir kaldare rett etter at du har lufta bustaden, vil det gå raskt å varme opp lufta igjen. Lufta blir fuktig av til dømes dusjing og matlaging. Det bør då luftast. Hald ventilar opne og luft i tillegg ved å halde vindauga opne i kort eller lengre tid. 20-22 gradar er reikna som god innetemperatur. Er det kaldare enn det i bustaden bør du sjekke varmekjeldene. Sjekk om brytar og kontakter er på og om termostaten er stilt inn korrekt. Radiatorar regulerar seg etter utetemperatur. Er det kaldt ute skal radiatoren vere lunken/varm. Kontakt ÅKE om du treng hjelp. Har du gamalt vindauge kan det vere gummilista inni karmen som er slitt. Denne kan du bytte sjølv, eller kontakte ÅKE for å få hjelp med det. Ventilasjon er viktig for å ha eit godt innemiljø. Dette kan du gjere for å betre innelufta: Alle ventilasjonsluker bør vere opne heile året. Du finn desse øvst på vindauga og/eller på veggen. Opn opp vindauge/balkongdør og luft nokre minutt kvar dag. Tørk opp vatn for å unngå fukt. Skru på kjøkkenvifta når du lagar mat. Hald bustaden rein og ryddig. Ikkje sett møblar, særleg seng og sofa, mot yttervegg. Det kan gi gode vekstforhold for mugg og sopp. La det vere minst 10 centimeter avstand til vegg. Mugg eller sopp i bustaden Dersom du har fått mugg/sopp på glatte flater i bustaden, kan du vakse det bort med Klorin (1 dl. Per liter vatn). Klorin drep mugg og sopp. Du får kjøpt Klorin i daglegvarebutikk. Dersom det har kome mugg eller sopp på porøse overflater som på gipsplater, sponplater må vi kanskje bytte ut delar av veggen. Kontakt ÅKE slik at ein fagperson kan kome å undersøkje og reparere om nødvendig. Sjå videoe med fleire råd om korleis du kan få betre inneklima. (Boligbygg Oslo KF) Straumen er borte Straumen går når det blir brukt meir straum enn sikringskursen er rekna for. Sjekk i sikringsskapet til bustaden din om: Ei sikring har gått: Dersom det er automatsikringar kan du vippe opp brytaren igjen. Er det skrusikringar må du bytte til ei ny sikring. Jordfeilbrytar lyse raudt og/eller pip: Du må kople ut straum til alle elektriske apparat i bustaden, skifte eller vippe opp sikringa og deretter sette inn ei og ei stikkontakt igjen. Start med vasskokar, brødristar, hårfønar, støvsuger og liknande. Det er ofte desse apparata som kan slå ut jordfeilbrytaren. Dersom det ikkje er nokre sikringar som er gått kan det vere strambrot i heile bygninga eller eit større geografisk område. Sjekk om naboar har straum og sjå på informasjonstavla i oppgangen om det er planlagd straumutkopling. Kjøkenvifta verkar ikkje Dersom kjøkenvifta trekk dårleg kan det vere fordi den treng ein rens. Reingjer filteret som sit oppe i vifta og tørk og vask vekk feitt. Det kan løne seg å bruke Salmiakk, Zalo eller liknande. Ta kontakt med ÅKE om du treng hjelp. Skadedyr Dei fleste dyr og insekt vi finn i hus er ikkje farlege og det er vanleg at nokre av desse dukkar opp i bustadar frå tid til anna. Dersom det er mange dyr eller insekt tyder det på at du må halde bustaden din reinare. Oppdagar du veggedyr, kakerlakkar, mus eller rotte, meld frå til ÅKE. ÅKE dekkjer normalt kostnad (jfr uaktsomhet) for sanering av veggedyr, men leigetakar må bidra med å sleppe inn firmaet som kjem, rydde bustaden sin, kaste avfall og pakken ned alt av klede og eigedelar. Pusse opp Leigetakar har ikkje lov til å pusse opp sjølv. Ta kontakt med ÅKE om du har spørsmål om dette. Forsikring Alle leigetakarar bør ha innbuforsikring som dekkjer skade på dine eigedelar i bustaden, ved til dømes brann eller vasskade. Burettleiar og NAV kan gi praktisk bistand ved behov. Ansvar Ålesund kommunale eigedom KF (ÅKE) Sist endra 22.02.2023 14.33