Søknad om hygienesertifikat for skip

Søknad om hygienesertifikat for skip

Skip av ein viss størrelse som seglar i internasjonalt farvatn må kunne framlegge «Sertifikat for hygienekontroll på skip» eller «Sertifikat for dispensasjon fra hygienekontroll på skip» ved ankomst til første hamn i Noreg eller anna land som har forplikta seg etter Det internasjonale helsereglementet (2005).

Om hygienesertifikat

Formålet er å bidra til å forhindre spreiing av hendingar som kan ha innverknad på internasjonal folkehelse. Dette inkluderer blant anna kontroll av rutinar for hygiene i bysse, ved oppbevaring og lagring av matvarer, i drikkevatn, i hospital, i svømmebasseng og sanitærrom samt rutinar for avfallshandtering. Sjå også sjekkliste i WHOs Handbook for Inspection of Ships and Issuance of Ship Sanitation Certificates.

Helsedirektoratet har det overordna administrative ansvaret for hygienesertifikat for skip i norske hamner og fastset takstar som gjeld for heile landet.

For meir informasjon om det internasjonale helsereglementet, godkjente hamner og gjeldande takstar, sjå Helsedirektoratets nettsider om hygienesertifikat for skip.

Slik bestiller du inspeksjon

Bestilling skal gjerast ved henvending til:

Ålesundregionens havnevesen

tlf. 70 16 34 00,eller e-post post@alesund.havn.no 

Bestillinga må innhalde følgande opplysningar:

  • Namn på skipet, flaggstat, IMO nr. og kontaktinformasjon.
  • Type fartøy (supplybåt, tankbåt, frysebåt, trålar etc.).
  • Kontaktinformasjon til agent når agent bestiller tenesta.
  • Kor skipet kjem frå, samt ønskt tid og stad for inspeksjon.
  • Kopi av forrige hygienesertifikat.
  • PO/referanse og fakturaadresse.

Om inspeksjon og utskriving av sertifikat 

Kommunen er godkjent av Helsedirektoratet som «helsemyndighet for havn» til å utføre inspeksjonar og utskriving av hygienesertifikat for skip som seglar i internasjonalt farvatn, jf. forskrift om internasjonal folkehelse (IHR-forskriften) § 21.

Vi skriv ut tre typar sertifikat:

  • Dispensasjonssertifikat (gyldig i 6 mnd)
  • Hygienekontrollsertifikat (gyldig i 6 mnd)
  • I unntakstilfelle, forlengelsessertifikat (gyldig i 30 dagar)
Til toppen