Kontroll av skjenking og sal av alkohol

Kontroll av skjenking og sal av alkohol

I sals- og skjenkekontrollar skal kommunen sjå til at bevillingshavar oppfyller sine plikter etter alkohollovgivninga. Kontrollen skal omfatte alle føresegnene i alkohollova, med tilhøyrande forskrifter og eventuelle vilkår i bevillingsvedtaket.

Etter alkohollova § 1-9, samt alkoholforskrifta kapittel 9, er det kommunen si oppgåve å kontrollere dei sals- og skjenkebevillingane som er gjevne i kommunen. 

I fylgje bestemmelsen skal kontrollen særleg omfatte sals- og skjenketidene, aldersgrensereglane, og at det ikkje vert seld eller skjenka til personar som er åpenbart påverka av rusmidlar. Desse føresegnene er i kjerna av alkohollova sitt føremål om å avgrense samfunnsmessige og individuelle skader av alkoholbruk, og det er difor særs viktig at desse føresegnene vert haldne.

Kontroll med ulovleg skjenking der bevilling manglar, er ei oppgåve for politiet, jf. § 1-8a.

I Ålesund kommune er det for tida Securitas som utfører sals- og skjenkekontroll på oppdrag frå kommunen.

Etter utført kontroll ,vil kontrolløren alltid presentere seg for ansvarshavande på staden og gjere greie for inntrykket sitt av staden. Dersom det vert avdekka avvik under ein kontroll, skal kommunen sende skriftleg rapport snarast mogeleg, og innan ei veke til sals- eller skjenkestaden. Bevillingshavar har høve til å forklare seg til kommunen innan to veker.

Prikktildelingssystemet

Dersom kommunen etter gjennomført kontroll finn at det har skjedd eit brot på reglane (jf. alkoholforskrifta § 10-3), skal kommunen tildele bevillingshavar eit bestemt tal prikkar. Talet på prikkar som skal tildelast er knytt til alvorsgraden på brotet. I § 10-3 er det fastsett kor mange prikkar det einskilde brotet i utgangspunktet skal medføre.

I alkoholforskrifta § 10-2 andre ledd heiter det at dersom ein bevillingshavar i løpet av ein periode på to år har fått tildelt til saman 12 prikkar, så skal kommunen inndra bevillinga for eit tidsrom på éi veke. Dersom det i løpet av toårsperioden blir tildelt fleire enn 12 prikkar, skal kommunen auke lengda på inndragninga tilsvarande.

Internkontroll

I fylgje alkoholforskrifta kapittel 8 skal bevillingshavarar ha eit internkontrollsystem som er tilpassa den einskilde sals-/skjenkestad, for å sikre at krava i alkohollova og –forskrifta samt særskilde vilkår i bevillingsvedtaket blir haldne. Internkontrollsystemet skal vere kjend for alle tilsette i verksemda. Meir informasjon om internkontroll og korleis dette skal utformast finn du hos Helsedirektoratet og hos Kommunetorget.no.
 

Til toppen