Frisør- og hudpleiesalongar og sol- og tatoveringsstudio

Hygienekrav for frisør- og hudpleiesalongar og sol- og tatoveringsstudio

Alle verksemder som jobbar med behandling og pleie av hår eller hud må følge hygieneforskrifta. Målet er å sikre tilfredsstillande hygieniske forhold og førebygge overføring av smittsomme sjukdommar. 

Målgruppe

  • Personar som ønsker å starte, overta eller flytte
  • Frisørsalong
  • Hud- og fotpleiesalong, solarium
  • Tatoverings- og holtakingsverksemd

Krav til hygieniske forhold

  • Lokale og utstyr i tatoverings- og holtakingsverksemder skal godkjennast av kommunen før bruk, ved eigarskifte eller ved større ominnreiingar. Også frisørar og/eller hudpleieverksemder som utfører såkalla enkel holtaking/hol i øyrene vil bli rekna som holtakingsverksemd og må godkjennast.
  • Frisør- og hudpleieverksemder har meldeplikt til kommunen før lokalet blir tatt i bruk, ved eigarskifte eller ved større ominnreiingar.
  • Forskrifta stiller krav til korleis lokala skal vere utform
  • a, innreia og utstyrt.
  • Reingjering, desinfeksjon/ sterilisering og oppbevaring av utstyr skal skje på ein hygienisk tilfredsstillande måte for å førebygge overføring av smittsomme sjukdommar.
  • Alle verksemder skal ha eit internkontrollsystem og føre internkontroll for å sikre at bestemmingane i forskrifta blir overhaldne. Kravet til interkontroll inneber at dei hygieniske rutinane skal vere skriftleg dokumenterte og at alle dei tilsette kjenner regelverket. 
  • Den som foretar behandlinga pliktar å gi informasjon til tenestemottakar om risikoen for infeksjonar, blødningar, allergiske reaksjonar og liknande. Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet m.v.

Slik søker du

Verksemda må godkjennast/meldast til kommunen ved oppstart, ved utviding eller ved vesentlege endringar. 

Frisørsalong, hud- og fotpleiesalong, solarium, tatoverings- og holtakingsverksemd

  • Ønsker du å starte eller å overta ein frisørsalong, hud- og fotpleiesalong, solarium, tatoverings- og holtakingsverksemd mv., må du enten søke kommunen om godkjenning eller sende inn meldeskjema til kommunen. 
  • Lokale i tatoverings- og holtakingsverksemder skal vere godkjent før du kan starte opp. 

Søknadskjema for godkjenning av frisør-, hudpleie- og tatoveringsverksemd (PDF, 344 kB)

Frisør- og hudpleieverksemd

  • Frisør- og hudpleieverksemd utan penetrering av hud (holtaking) må oppfylle dei samme hygienekrava, men treng inga godkjenning, berre melding.
  • Før du kan starte solstudio, må du ha bestått solarieprøven. Sjå www.dsa.no.

Om søknadsprosessen

Etter at vi har mottatt søknaden får de svar innan tre veker om når vi kan komme på tilsyn. På tilsynet ser vi på lokaa, utstyret og dei skriftlege rutinane.

Nokre veker etter tilsynet får de ein rapport om kva vi fann under tilsynet. 

Moglegheit til å klage 

Om du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok brevet. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du henvende deg til kommunen. Om kommunen opprettheld avgjersla, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følge.

Til toppen