Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Hovudnummeret til Ålesund kommune er
70 16 20 00. Vår informasjonstelefon om korona er 70 16 40 60. Opningstider i påska er onsdag 8.8 kl. 08.30-12.00, langfredag kl. 09.30-15.30, 1. påskedag kl. 09.30-15.30. Frå tysdag 14. april blir opningstidene frå kl. 08.30-15.30.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

NAV Ålesund og naudhjelp

Betalingsvanskar

Betalingsvanskar

Du må betale skatten du har fått fastsett. I spesielle tilfelle kan du få betalingsavtale. Ein slik avtale kan bety at betalinga kan delast opp i avdrag eller bli utsett.

Når kan du søke om betalingsavtale?

Du kan søke om betalingsavtale på to ulike grunnlag:

  • Av personlege grunnar (Skattebetalingsloven § 15-1)
  • Av omsyn til det offentlege (Skattebetalingsloven § 15-2)

Personlege grunnar

Betalingsavtale av personlege grunnar inneber at du på visse vilkår kan få ei rentefri nedbetaling eller ei rentefri utsetting av betalinga av skattekravet:

  • Det må vere vanskeleg for deg å betale skattekravet i ein kortare periode på grunn av sjukdom, at du er utan arbeid eller liknande årsaker.
  • Det må vere samanheng mellom sjukdomen, arbeidsløysa og betalingsvanskane.
  • Betalingsavtalen må ikkje vere støytande eller eigna til å svekke den alminnelege betalingsmoralen.

Omsyn til det offentlege

Dersom du meiner at du kan gi eit betalingstilbod som gir det offentlege betre dekning enn ved tvangsinnfordring av skattegjelda, kan du søke betalingsavtale av omsyn til det offentlege.

Samtlege av dei følgande vilkåra må då vere oppfylte:

  • Du kan ikkje betale på vanleg måte
  • Du må komme med eit forslag til nedbetalingsplan
  • Tilbodet må vere det beste du kan komme med
  • Tilbodet må gi raskare nedbetaling enn ved tvangsinnfordring av skattegjelda, som utleggstrekk, utleggsforretning eller konkurs.

Kva skal søknaden innehalde?

Det er strenge krav for å få innvilga ein søknad om betalingsutsetting eller ettergiving av skattekrav etter skattebetalingsloven §§ 15-1 og 15-2.

Alle opplysningane bør vere dokumenterte, slik som oversikt over inntekter/utgifter, formue/gjeld, opplysningar om forsørgingsbyrde og andre relevante opplysningar.

Søknadane må ha vedlagt kopi av skattemelding for dei siste to åra, eventuelt siste skjønnsfastsetting. For næringsdrivande må det dessutan leggast fram aktuelle rekneskapstal. Ved sjukdom må legeerklæring leggast ved søknaden.

Søknad

Søknadar om lemping av skatt blir lagt fram for skatteutvalet og avgjerda blir tatt etter innstillinga frå utvalet/kemnaren (står herfra). Kemnaren har mynde til å lempe renter og omkostningar inntil 50 000 kroner både i innfordringssaker og billighetssaker. Søknaden kan leverast på innbyggartorget eller sendast til:

Nordre Sunnmøre kemnerkontor
Postboks 1521 
6025 Ålesund

Søknadsmuligheit og klagebehandling

Det er ingen adgang til å klage over vedtak fatta av skatteoppkrevjar eller skattekontoret. Du kan imidlertid søke på nytt om du meiner at saken ikkje har vore tilstrekkeleg opplyst eller at situasjonen har endra seg.

Lover og retningsliner

Til toppen