Offentlege innkjøp

Offentlege innkjøp

Ålesund kommune gjennomfører sine innkjøp i samsvar med anskaffelsesloven med tilhøyrande forskrift, eigen anskaffingsstrategi, og anskaffingsreglement.

Korleis bli leverandør?

Ålesund kommune er underlagt regelverket om offentlege anskaffingar. Regelverket forklarer korleis offentlege verksemder skal gjennomføre sine anskaffingar. Dette har også innverknad på korleis leverandørar kan opptre i forhold til kommunen.

Digitale anbodskonkurransar

Ålesund kommune kunngjer fortløpande konkurransar om kjøp av ulike varer, tenester og bygnings- og anleggsarbeid på den nasjonale databasen for offentlege anskaffingar, Doffin. På Doffin finn du kunngjeringar om pågåande konkurransar under fanen kunngjøringssøk.

Ålesund kommune brukar Visma TendSign som konkurransegjennomførings-verktøy (KAV). KAV er tilpassa Lov om offentlige anskaffelser og tilhøyrande forskrift og er integrert med Doffin. Verktøyet legg til rette for heil-elektronisk gjennomføring av alle typar kunngjøringar, og skal nyttast til alle anskaffingar over nasjonal terskelverdi.

Det er gratis for leverandørar å opprette brukarprofil i Visma TendSign, og ein blir automatisk dirigert til verktøyet når ein brukar påmeldingsknappen i kunngjeringa på Doffin.

Ålesund kommune sine rammeavtalar

Her finn du ei oversikt over kommunen sine rammeavtalar. (vedlegg)

Oversikten oppdateres ca. 2 ganger pr år.

Korleis går anskaffingar i Ålesund kommune føre seg?

Konserninnkjøp er Ålesund kommune sin sentrale anskaffingsfunksjon.

Konserninnkjøp gjennomfører i aukande grad anskaffeingar på vegne av kommunen sine føretak og interkommunale selskap. Føretaka og enkelte av dei interkommunale selskapa har også moglegheit til å på kommunen sine rammeavtalar.

Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre

Kommunane rundt Ålesund deltar i eit innkjøpssamarbeid, som er leia av Konserninnkjøp. 

Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre består av kommunane Ålesund, Vestnes, Sykkylven, Sula, Stranda, Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Ulstein, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda.

Samla har kommunane eit befolkningsgrunnlag på ca. 150 000 innbyggarar. 

Samarbeidskommunane får tilbod om å delta på våre rammeavtalar og får også rådgiving i innkjøpsfaglege spørsmål.

Kontaktinformasjon konserninnkjøp: 

E-post: team.konserninnkjop@alesund.kommune.no

Innkjøpssjef: Jonny Indrevåg, jonny.indrevaag@alesund.kommune.no, tlf: 70 16 20 37

Til toppen